로마서 15장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 로마서 (Romans) · 33절
- 1 Me som er sterke, me er skuldige til å bera vanstyrken hjå dei veike og ikkje vera oss sjølve til hugnad.
- 2 Kvar av oss vere næsten sin til hugnad, til hans gagn, til uppbyggjing!
- 3 For Kristus levde ikkje heller seg sjølv til hugnad, men som skrive stend: «Deira hædingar som hædde deg, dei fall på meg.»
- 4 For alt det som fyrr er skrive, det er skrive oss til lærdom, so me skal hava von ved det tolmodet og den trøysti som skrifterne gjev.
- 5 Men Gud som gjev tolmod og trøyst, han gjeve at de må vera samlyndte med kvarandre etter Kristi Jesu fyredøme,
- 6 so de samheldige, med ein munn, kann prisa Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader!
- 7 Difor, tak dykk av kvarandre, liksom Kristus og tok seg av dykk til Guds æra!
- 8 Eg meiner: Kristus hev vorte tenar for dei umskorne for Guds sannleik skuld, for å stadfesta lovnaderne til federne;
- 9 men heidningarne skal prisa Gud for miskunn, som skrive stend: «Difor vil eg prisa deg millom heidningar og lovsyngja ditt namn.»
- 10 Og atter segjer Skrifti: «Fagna dykk, heidningar, saman med hans folk!»
- 11 Og atter: «Lova Herren, alle heidningar, og prisa honom, alle folk!»
- 12 Og atter segjer Jesaja: «Koma skal Isais rotrenning, han som reiser seg til herre yver heidningar, på honom skal heidningarne vona.»
- 13 Men den Gud som gjev voni, fylle dykk med all gleda og fred i trui, so de kann vera rike på von ved krafti frå den Heilage Ande!
- 14 Men eg og, mine brør, hev den visse trui um dykk, at de av dykk sjølve er fulle av godleik, fyllte med all kunnskap, duglege ogso til å påminna kvarandre.
- 15 Men endå hev eg sume stader skrive heller djervt til dykk, med di eg atter vilde gjeva dykk påminning etter den nåde som Gud hev gjeve meg,
- 16 at eg skal vera Jesu Kristi offerprest for heidningarne og gjera prestetenesta med evangeliet, so heidningarne kann verta eit huglegt offer, helga ved den Heilage Ande.
- 17 Difor hev eg mi ros i Kristus Jesus, i mi tenesta for Gud.
- 18 For eg vil ikkje våga meg til å tala um anna enn det som Kristus hev verka ved meg til å føra heidningar til lydnad, med ord og gjerning,
- 19 med kraft av teikn og under, med kraft av Guds Ande, so eg fullt hev kunngjort Kristi evangelium frå Jerusalem og rundt ikring alt til Illyria,
- 20 men då so, at eg sette mi æra i å forkynna evangeliet, ikkje der som Kristus alt var nemnd, at eg ikkje skulde byggja på framand grunnvoll,
- 21 men, som skrive stend: «Dei som ingi kunngjering hev fenge um honom, skal sjå, og dei som ikkje hev høyrt, skal skyna.»
- 22 Det er mest dette som hev hindra meg frå å koma til dykk.
- 23 Men no, då eg ikkje lenger hev rom i desse landi, og i mange år hev lengta etter å koma til dykk,
- 24 no vonar eg å få sjå dykk på gjenomferdi, når eg fer til Spania, og få fylgjeskap av dykk dit, når eg fyrst i nokon mun hev fenge hugnad hjå dykk.
- 25 Men no fer eg til Jerusalem i tenesta for dei heilage.
- 26 For Makedonia og Akaia hev av si godvild gjort eit samanskot til dei fatige millom dei heilage i Jerusalem.
- 27 Dei hev gjort det av si godvild, dei stend og i skuld til deim; for hev heidningarne fenge av deira åndelege gode ting, so er dei og skuldige til å tena deim med dei timelege.
- 28 Når eg då hev fullført dette og lagt denne frukt i deira hender, so vil eg fara derifrå gjenom dykkar by til Spania,
- 29 og eg veit at når eg kjem til dykk, so skal eg koma med ei fylla av Kristi velsigning.
- 30 Men eg legg dykk på hjarta, brør, for vår Herre Jesu Kristi og Andens kjærleik, at de må strida med meg i dykkar bøner for meg til Gud,
- 31 at eg må ganga fri for dei vantruande i Judæa, og mi ærend til Jerusalem må tekkjast dei heilage,
- 32 so eg kann koma til dykk med gleda, um Gud so vil, og kveikjast upp i samvære med dykk.
- 33 Fredsens Gud vere med dykk alle! Amen.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗