레위기 17장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 레위기 (Leviticus) · 16절
- 1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
- 2 «Tala til Aron og sønerne hans og til heile Israels-folket, og seg med deim: «Høyr no kva Herren vil de skal gjera:
- 3 Er det nokon mann av Israels-ætti som slagtar ein ukse eller ein sau eller ei geit anten i eller utanfor lægret,
- 4 og ikkje leider deim fram til møtetjelddøri og ofrar Herren ei gåva framfor bustaden hans, so skal den mannen reknast jamgod med ein dråpsmann; han hev rent ut blod og skal rydjast ut or folket sitt.
- 5 Difor skal Israels-borni koma til Herren med slagtofferi sine som dei er vane å slagta ute på marki, og leida deim fram åt møtetjelddøri, til presten, og slagta deim til takkoffer åt Herren.
- 6 Og presten skal sprøyta blodet yver Herrens altar som stend framanfor møtetjelddøri, og brenna feittet til godange for Herren.
- 7 Og dei skal ikkje lenger gjeva offeri sine til dei raggute trolli som dei flyg etter. Dette skal vera ei æveleg lov for deim og etterkomarane deira.»
- 8 Og dette skal du segja med deim: «Dersom nokon av Israels-ætti, eller av dei framande som bur millom deim, ber fram eit brennoffer eller slagtoffer,
- 9 og ikkje kjem til møtetjelddøri med det og ofrar det til Herren, so skal den mannen rydjast ut or folket sitt.
- 10 Og dersom nokon av Israels-ætti, eller av dei framande som bur millom deim, et aldri so lite blod, so skal eg kvessa augo imot den mannen, og rydja honom ut or folket hans.
- 11 For livet i likamen ligg i blodet, og eg hev gjeve dykk lov til å hava blod på altaret til soning for livet dykkar. For blodet det sonar av di livet ligg i det.
- 12 Difor segjer eg til Israels-borni: Ingen av dykk må eta blod; dei framande som bur hjå dykk, må heller ikkje gjera det.
- 13 Og når nokon av Israels-borni, eller av dei framande som bur millom deim, veider villdyr eller fuglar som dei hev lov til å eta, so skal han lata blodet renna ut på marki og hava jord yver det.
- 14 For livet i likamen, det er blodet med livet som ligg i det; difor hev eg sagt til Israels-folket: De må ikkje eta blodet av noko kvikjende! For livet i kvart kvikjende, det er blodet som er i det; kven som et det, han skal rydjast ut.
- 15 Hev nokon mann, anten han er fødd i landet eller han er framand, ete av eit dyr som er sjølvdaudt eller ihelrive, so skal han två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds; sidan er han rein.
- 16 Tvær han ikkje klædi sine og ikkje laugar likamen sin, so gjer han ei synd som han lyt lida for.»»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗