레위기 18장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 레위기 (Leviticus) · 30절
- 1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
- 2 «Tala til Israels-folket, og seg med deim: «Eg er Herren, dykkar Gud.
- 3 De skal ikkje fara etter det som er skikk og sed i Egyptarlandet, der de fyrr budde, eller i Kana’ans-landet, som eg fører dykk til, og ikkje fylgja loverne deira.
- 4 Mine bod skal de lyda, og mine lover skal de halda dykk etter og fylgja. Eg er Herren, dykkar Gud;
- 5 de skal halda bodi og loverne mine; held menneskja deim, so skal ho finna livet i deim. Kom i hug: eg er Herren.
- 6 Ingen av dykk må koma innåt noko nærskyldt kvende og søkja seng med henne; kom i hug: eg er Herren.
- 7 Du skal hava age for lega åt far din og mor di. Ho er mor di; du skal ikkje søkja seng med henne.
- 8 Du skal ikkje søkja seng med stykmor di; ho er vivet åt far din.
- 9 Du skal ikkje søkja seng med syster di, som hev same far eller same mor som du; anten ho er fødd i eller utanfor huset, so skal du ikkje søkja seng med henne.
- 10 Du skal ikkje søkja seng med sonedotter eller dotterdotter di; for det er ditt eige avkjøme.
- 11 Du skal ikkje søkja seng med dotter åt stykmor di; ho er dotter åt far din, og ho er syster di.
- 12 Du skal ikkje søkja seng med farsyster di; det er same blodet som far din.
- 13 Du skal ikkje søkja seng med morsyster di; det er same blodet som mor di.
- 14 Du skal ikkje skjemma lega åt farbror din og koma kona hans for nær; for ho er farsyster di.
- 15 Du skal ikkje søkja seng med verdotter di. Ho er vivet åt son din; du skal ikkje søkja seng med henne.
- 16 Du skal ikkje søkja seng med brorkona di; ho er vivet åt din eigen bror.
- 17 Hev du havt samlega med et kvende, so skal du ikkje søkja seng med dotter hennar; heller ikkje skal du ganga i seng med sonedotter eller dotterdotter hennar. Det er blodskam; for dei er same folket.
- 18 Du skal ikkje gifta deg med versyster di og søkja seng med henne, medan kona di liver; for då set du hat millom deim.
- 19 Du skal ikkje koma innåt noko kvende og søkja seng med henne, medan ho hev månadssjuken sin og er urein.
- 20 Du skal ikkje liggja hjå kona åt grannen din og på den måten gjera deg urein.
- 21 Du skal ikkje gjeva noko av borni dine frå deg til Molok; for då vanhelgar du namnet åt din Gud. Eg er Herren!
- 22 Du skal ikkje liggja hjå ein kar, som ein ligg med eit kvende; det er ein styggedom.
- 23 Med dyr må du aldri blanda deg; for då vert du urein. Og heller ikkje må kvende gjeva seg i lag med dyr og para seg med deim. Det er skjemdarferd.
- 24 Gjer dykk ikkje ureine med sovori åtferd! For slikt var det dei gjorde seg ureine med, dei folki som eg driv ut for augo dykkar;
- 25 då vart landet ureint, og eg heimsøkte det for broti deira, og landet støytte deim ut.
- 26 Men de skal halda bodi og loverne mine, både de sjølve og dei framande som bur millom dykk; de skal ikkje gjera noko av dei skjemdarverki
- 27 som dei sulka ut landet med, dei som åtte det fyre dykk;
- 28 for då kjem landet til å støyta dykk ut, for di de sulkar det til, liksom det støytte ut det folket som var der fyre dykk.
- 29 For alle dei som gjer slike skjemdarverk, dei skal rydjast ut or folket sitt.
- 30 So haldt då dei bodi eg hev gjeve dykk, og tak ikkje etter dei fæle ugjerderne som dei hadde, dei som var fyre dykk; for med det gjer de dykk ureine: Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud!»»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗