레위기 16장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 레위기 (Leviticus) · 34절
- 1 Då dei tvo Arons-sønerne var slokna, dei som laut døy for di dei gjekk fram for Herrens åsyn, då tala Herren til Moses,
- 2 og sagde til honom: «Seg med Aron, bror din, at han ikkje må ganga inn i heilagdomen, innanfor forhenget og fram åt kista med kerubarne, kva tid han vil; då kunde han missa livet; for uppyver kerubarne syner eg meg i skyi.
- 3 Soleis lyt Aron vera budd når han skal ganga inn i heilagdomen: Han skal hava med seg ein ung ukse til syndoffer og ein ver til brennoffer.
- 4 Og han skal klæda seg i ein vigd linkjole, og hava ei linbrok på seg næst kroppen, og binda eit linbelte kring livet, og sveipa eit linplagg kring hovudet; vigde klæde lyt det vera, og fyrr han tek deim på seg, skal han lauga likamen sin i vatn.
- 5 Og av Israels-lyden skal han få tvo geitebukkar til syndoffer og ein ver til brennoffer.
- 6 So skal Aron leida fram syndofferuksen sin, og beda for seg og huset sitt.
- 7 Og han skal taka båe bukkarne, og leida deim fram for Herrens åsyn i møtetjelddøri.
- 8 Og han skal draga strå um bukkarne, eit for Herren og eit for Azazel.
- 9 Og den bukken som fell på Herrens lut, skal han leida fram og ofra til syndoffer.
- 10 Men den som fell på Azazels lut, skal leidast livande fram for Herrens åsyn, og dei skal lesa bøner yver honom, og senda honom ut i øydemarki til Azazel.
- 11 Når Aron hev leidt fram syndofferuksen sin, og bede for seg og huset sitt, so skal han fyrst slagta uksen,
- 12 og so skal han fylla glodfatet sitt med gløder frå altaret der elden brenn for Herrens åsyn, og taka tvo nevar med finstøytt, angande røykjelse og bera innanfor forhenget,
- 13 og han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens åsyn, so røyken gøymer lovtavlekista med kerubarne; elles lyt han døy.
- 14 So skal han taka noko av ukseblodet og skvetta med fingeren fremst på kisteloket mot aust, og framanfor kista skal han skvetta med fingeren av blodet sju gonger.
- 15 So skal han slagta den bukken som er etla til syndoffer for folket, og bera blodet innanfor forhenget, og gjera med det som han gjorde med blodet av uksen: skvetta det på kisteloket og framanfor kista.
- 16 Soleis skal han gjera soning for heilagdomen, og reinsa honom for dei broti som Israels-borni hev sulka honom med kvar gong dei hev synda, og det same skal han gjera med heile møtetjeldet, som er reist millom deim, midt i ureinskalpen deira.
- 17 Og det må ikkje finnast noko menneskje i møtetjeldet frå Aron gjeng inn og skal halda bøn i heilagdomen, og til han kjem ut att og hev gjort soning for seg og for huset sitt og for heile Israels-lyden.
- 18 So skal han ganga ut til altaret, som er reist for Herrens åsyn, og gjera soning for det: Han skal taka noko av ukseblodet og noko av bukkeblodet og strjuka rundt ikring på altarhorni,
- 19 og skvetta med fingeren av blodet på altaret sju gonger, og reinsa det for den sauren som Israels-borni hev sulka det med, og helga det.
- 20 Når Aron hev fullført soningi for heilagdomen og møtetjeldet og altaret, so skal han leida fram den livande bukken,
- 21 og leggja henderne på hovudet hans, og skrifta uppyver honom alle dei brot og misgjerningar Israels-folket hev gjort so ofte dei hev synda, og leggja deim på hovudet åt bukken, og so senda honom ut i øydemarki med ein mann som stend reidug.
- 22 Og bukken skal bera alle broti deira med seg til eit land som ligg langt, langt av leid. Når Aron hev sendt bukken ut i øydemarki,
- 23 skal han ganga inn i møtetjeldet, og taka av seg linklædi som han hadde på seg då han gjekk inn i heilagdomen, og gøyma deim der.
- 24 So skal han lauga likamen sin i vatn på ein heilag stad, og klæda seg i den vanlege bunaden sin, og so ganga ut att, og ofra brennofferet sitt og brennofferet for folket, og gjera soning for seg og for deim.
- 25 Og feittet av syndofferet skal han brenna på altaret, so røyken stig upp mot himmelen.
- 26 Den som hev leidt bukken burt til Azazel, lyt två klædi sine og lauga likamen sin i vatn; då fyrst kann han få koma inn i lægret.
- 27 Uksen og bukken som vart slagta til syndoffer, og som dei tok blodet av og bar inn i heilagdomen til soning, skal dei føra ut or lægret, og brenna både skinni og kjøtet og møki.
- 28 Den som brenner det, lyt två klædi sine og lauga likamen sin i vatn; sidan kann han koma inn i lægret.
- 29 Og dette skal vera ei æveleg lov hjå dykk: Den tiande dagen i den sjuande månaden skal de fasta og ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den som er fødd og boren i landet, eller den framande som held til hjå dykk.
- 30 For den dagen skal dei gjera soning for dykk, og reinsa dykk for alle synderne dykkar, so de vert reine for Herren.
- 31 Ei høgtidshelg skal det vera for dykk, og då skal de fasta; det skal vera ei æveleg lov.
- 32 Den som skal standa for soningi, er presten, han som hev vorte salva og sett til å styra preste-embættet etter far sin. Han skal klæda seg i dei heilage linklædi,
- 33 og gjera soning for det høgheilage romet og møtetjeldet og altaret; og prestarne og heila ålmugen skal han og gjera soning for.
- 34 Det skal vera ei æveleg lov hjå dykk, at dei ein gong um året skal gjera soning for Israels-borni og reinsa deim for alle synderne deira.» Og Aron gjorde som Herren hadde sagt til Moses.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗