디모데후서 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 디모데후서 (2 Timothy) · 22절
- 1 Eg vitnar for Gud og Kristus Jesus, som skal døma livande og daude, og ved hans openberring og hans rike:
- 2 Forkynn ordet, statt nær med det i tid og i utid, yvertyd, refs, påminn med alt langmod og all læra!
- 3 For det skal koma ei tid då dei ikkje skal tola den heilsame læra, men etter sine eigne lyster taka seg sjølve lærarar i flokketal, med di dei klæjar dei i øyra,
- 4 og dei skal venda øyra frå sanningi og venda seg til eventyr.
- 5 Men ver du edru i alle ting, lid vondt, gjer ein evangeli-forkynnars gjerning, fullfør di tenesta!
- 6 For eg vert alt ofra, og tidi til mi avferd stundar til.
- 7 Eg hev stridt den gode striden, eg hev fullenda laupet, eg hev halde trui.
- 8 So ligg då rettferdskransen reidug til meg, den som Herren, den rettferdige domar, skal gjeva meg på hin dagen, då ikkje berre meg, men alle som hev elska hans openberring.
- 9 Gjer deg umak med å koma snart til meg!
- 10 For Demas forlet meg av kjærleik til den noverande verdi og for til Tessalonika, Kreskens til Galatia, Titus til Dalmatia.
- 11 Lukas er åleine hjå meg. Tak Markus og før honom med deg, for han er meg nyttug til tenesta.
- 12 Tykikus hev eg sendt til Efesus.
- 13 Når du kjem, so tak med deg den kåpa som eg let att i Troas hjå Karpus, og bøkerne, serleg skinnbøkerne!
- 14 Koparsmeden Aleksander gjorde meg mykje vondt. Herren kjem til å løna han etter hans gjerningar!
- 15 Agta deg for honom du og! for han stod hardt imot våre ord.
- 16 Ved mitt fyrste forsvar møtte ingen med meg, men alle forlet meg. Gjev det ikkje må verta deim tilrekna!
- 17 Men Herren stod med meg og styrkte meg, so forkynningi ved meg skulde verta fullførd, og alle folkeslag få høyra henne; og eg vart utfria or løvegapet.
- 18 Herren skal fria meg frå all vond gjerning og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Honom vere æra i all æva! Amen.
- 19 Helsa Priska og Akvilas og Onesiforus’ hus!
- 20 Erastus vart att i Korint. Trofimus let eg etter meg sjuk i Milet.
- 21 Gjer deg umak med å koma fyre vinteren! Eubulus og Pudens og Linus og Klaudia og alle brørne helsar deg.
- 22 Herren Jesus vere med di ånd! Nåden vere med dykk!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗