디모데후서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 디모데후서 (2 Timothy) · 17절
- 1 Men dette skal du vita, at i dei siste dagar skal det koma vande tider.
- 2 For folk skal vera sjølvkjære, pengekjære, storordige, stormodige, spottsame, ulyduge mot foreldre, utakksame, vanheilage,
- 3 ukjærlege, upålitande, baktalande, umåtelege, umilde, utan kjærleik til det gode,
- 4 svikefulle, framfuse, ovmodige, slike som elskar lysterne sine meir enn Gud,
- 5 som hev skin av gudlegdom, men forneittar hans kraft. Vend deg frå desse!
- 6 For til deim høyrer dei som snikjer seg inn i husi og fangar kvinnfolk som er tyngde med synder og vert drivne av mangeslag lyster
- 7 og alltid lærer og aldri kann koma til å kjenna sanningi.
- 8 Som Jannes og Jambres stod imot Moses, so stend dei og imot sanningi, menneskje som er øydelagde i hugen, duglause i trui.
- 9 Men dei skal ikkje koma lenger; for deira fåvit skal verta audsynt for alle, liksom det og vart med hine.
- 10 Men du hev fylgt etter mi læra, mi ferd, mitt forset, mi tru, mitt langmod, min kjærleik, mitt tolmod,
- 11 mine forfylgjingar, mine lidingar, slike som møtte meg i Antiokia, i Ikonium, i Lystra; slike forfylgjingar hev eg halde ut, og Herren hev fria meg ut or deim alle.
- 12 Og alle som vil liva gudleg i Kristus Jesus, skal verta forfylgde.
- 13 Men vonde menneskje og slike som kverver syni på folk, gjeng fram til det som er verre, med di dei fører vilt og fer vilt.
- 14 Men du, vert du standande i det som du hev lært, og som du er yvertydd um, då du veit kven du hev lært det av,
- 15 og då du alt frå barndomen kjenner dei heilage skrifter som kann gjera deg vis til frelsa ved trui på Kristus Jesus.
- 16 Heile skrifti er innanda av Gud og er dugleg til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd,
- 17 so gudsmannen kann verta fullkomen, dugleg til all god gjerning.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗