디도서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 디도서 (Titus) · 16절
- 1 Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel til å føra Guds utvalde til tru og til å kjenna den sanning som høyrer til gudlegdom,
- 2 i von um ævelegt liv, som Gud, han som ikkje lyg, hev lova frå ævelege tider,
- 3 men no i si tid hev han openberra sitt ord ved den forkynning som vart meg yvergjevi etter Guds, vår frelsars, fyresegn -
- 4 til Titus, min egtefødde son i den sams trui: Nåde og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår frelsar!
- 5 For den skuld let eg deg etter på Kreta, at du skulde skipa til det som vanta, og setja inn eldste i kvar by, so som eg pålagde deg,
- 6 um det er nokon som er ulastande, mann til ei kvinna, hev truande born som ikkje hev vondt ord for skamløysa eller er ulyduge.
- 7 For ein tilsynsmann skal vera ulastande som ein Guds hushaldar, ikkje sjølvgod, ikkje vondlyndt, ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, ikkje lysten etter låk vinning,
- 8 men gjestmild, glad i det gode, visleg, rettferdig, heilag, fråhalden,
- 9 ein som held seg til det truverdige ord etter læra, so han kann vera før både til å påminna med den heilsame læra og til å tala deim til rettes som segjer imot.
- 10 For det er mange agelause, som fer med fåfengd tale og dårar hugen, mest dei av umskjeringi.
- 11 Desse skal ein målbinda; for dei riv ned heile hus, med di dei lærer slikt som ikkje sømer seg, for skamleg vinning skuld.
- 12 Ein av deim, deira eigen profet, hev sagt: «Kretarar er alltid ljugarar, vonde dyr, late bukar.»
- 13 Dette vitnemålet er sant; difor skal du refsa deim strengt, so dei må verta heile i trui
- 14 og ikkje ansa jødiske eventyr og bod av menneskje som vender seg frå sanningi.
- 15 Alt er reint for dei reine; men for dei ureine og vantruande er ingen ting rein; men både deira hug og samvit er ureine.
- 16 Dei segjer at dei kjenner Gud; men i sine gjerningar forneittar dei honom, med di dei er styggjelege og ulyduge og duglause til all god gjerning.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗