디모데후서 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 디모데후서 (2 Timothy) · 26절
- 1 So vert då du, son min, sterk ved nåden i Kristus Jesus!
- 2 Og det som du hev høyrt av meg i nærvære av mange vitne, gjev det yver til trufaste menneskje, som er duglege til ogso å læra andre!
- 3 Lid vondt med meg som ein god Kristi Jesu stridsmann!
- 4 Ingen som gjer hertenesta, fløkjer seg inn i livsens syslor, so han kann tekkjast herføraren.
- 5 Men um ein og strider i tevling, so fær han då ikkje kransen dersom han ikkje strider retteleg.
- 6 Den bonde som arbeider, skal fyrst njota frukterne.
- 7 Skyna det som eg segjer! for Herren skal gjeva deg skyn på alt.
- 8 Kom Jesus Kristus i hug, som er uppvekt frå dei daude, av Davids ætt, etter mitt evangelium,
- 9 det som eg lid vondt for like til dette å vera bunden som ein illgjerdsmann; men Guds ord er ikkje bunde.
- 10 Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, for at dei og skal vinna frelsa i Kristus Jesus med æveleg herlegdom.
- 11 Det er eit sant ord; for er me daude med honom, skal me og leva med honom;
- 12 held me ut, skal me og styra med honom; forneittar me, skal han og forneitta oss;
- 13 er me trulause, so er han trufast; seg sjølv kann han ikkje forneitta.
- 14 Minn um dette, med di du vitnar for Herrens åsyn, at dei ikkje må liggja i ordstrid, som ikkje er til noko gagn, men til undergang for dei som høyrer på!
- 15 Legg vinn på å framstella deg sjølv som sannrøynd for Gud, ein arbeidar som ikkje tarv skjemmast, med di du lærer sannings-ordet retteleg!
- 16 Men haldt deg frå det vanheilage tome svall! for dei gjeng alltid lenger i gudløysa,
- 17 og ordi deira kjem til å eta um seg som daudkjøt; millom deim er Hymenæus og Filetus,
- 18 som hev fare vilt frå sanningi, med di dei segjer at uppstoda alt hev vore, og dei riv ned trui hjå sume.
- 19 Men Guds faste grunnvoll stend og hev dette innsigle: «Herren kjenner sine,» og: «Kvar den som nemner Herrens namn, skal vika frå urettferd.»
- 20 Men i eit stort hus er det ikkje berre kjerald av gull og sylv, men og av tre og leir, og nokre til æra, andre til vanæra.
- 21 Um nokon då held seg rein frå desse, so skal han vera eit kjerald til æra, helga og nytlegt for husbonden, tilreidt til all god gjerning.
- 22 Men fly frå dei ungdomslege lyster, og trå etter rettferd, tru, kjærleik, fred med deim som påkallar Herren av eit reint hjarta!
- 23 Og vis ifrå deg dei dårlege og fåvise stridsspursmål, då du veit at dei føder strid!
- 24 Men ein Herrens tenar må ikkje strida, men vera mild imot alle, dugleg til å læra frå seg, viljug til å tola vondt,
- 25 so han med spaklynde tuktar dei som segjer imot, um Gud då ein gong vilde gjeva deim umvending, so dei kunde kjenna sanningi,
- 26 og vakna or ruset i djevelens snara, han som dei er fanga av til å gjera hans vilje.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗