디모데전서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 디모데전서 (1 Timothy) · 16절
- 1 Det er eit sant ord: Um nokon trår etter eit tilsynsembætte, so hev han lyst til ei gjæv gjerning.
- 2 Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til ei kvinna, ædrueleg, visleg, verdig, gjestmild, dugleg til å læra frå seg,
- 3 ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, men godlyndt, ikkje stridsam, ikkje pengekjær,
- 4 ein som styrer vel sitt eige hus, og hev lyduge born med all søma
- 5 - um nokon ikkje veit å styra sitt eige hus, kor kann han då hava umsut for Guds kyrkja? -
- 6 ikkje ein ny-umvend, so han ikkje skal ovmoda seg og falla i djevelens dom.
- 7 Men han skal og hava godt vitnemål av deim som er utanfor, so han ikkje skal få lastord og falla i djevelens snara.
- 8 Like eins skal tenarane for kyrkjelyden vera vyrdelege, ikkje tvitunga, ikkje kjære etter mykje vin, ikkje lystne etter låk vinning,
- 9 slike som hev løyndomen i trui i eit godt samvit.
- 10 Dei og skal fyrst verta prøvde; sidan skal dei tena kyrkjelyden, um dei er ulastelege.
- 11 Like eins skal kvinnorne vera vyrdelege, ikkje baktalande, men ædruelege, true i alle ting.
- 12 Tenarane for kyrkjelyden skal kvar vera mann til ei kona og styra vel sine born og sine eigne hus.
- 13 For dei som hev tent kyrkjelyden vel, dei vinn seg eit godt støde og stort frimod i trui på Kristus Jesus.
- 14 Dette skriv eg til deg, endå eg vonar å koma snart til deg,
- 15 men um eg drygjer, at du so skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er kyrkja åt den livande Gud, pilaren og grunnvollen til sanningi.
- 16 Og som kvar må sanna, stor er den løyndom i gudlegdomen: Han som vart openberra i kjøt, rettferdiggjord i ånd, sedd av englar, forkynt millom folkeslag, trudd i verdi, uppteken i herlegdom.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗