디모데전서 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 디모데전서 (1 Timothy) · 16절
- 1 Men Anden segjer klårleg, at i dei komande tider skal sume falla frå trui og halda seg til dårande ånder og lærdomar av djevlar
- 2 ved hykling av falske lærarar, som er brennemerkte i sitt eige samvit,
- 3 som forbyd å gifta seg og påbyd å halda seg frå mat, som Gud hev skapt til å verta motteken med takk av deim som trur og hev lært sanningi å kjenna.
- 4 For all Guds skapning er god, og inkje er til å vanda, når det vert motteke med takk;
- 5 for det vert helga med Guds ord og bøn.
- 6 Når du lærer brørne dette, so er du ein god Jesu Kristi tenar, med di du vert uppfødd med ordi av trui og den gode lærdomen som du hev fylgt.
- 7 Men haldt deg frå dei vanheilage og kjerringslege eventyr, men tem deg derimot upp i gudlegdom!
- 8 For den likamlege tamen er gagnleg til lite, men gudlegdom er gagnleg til alt; med di han hev lovnad for det livet som no er og for det som kjem.
- 9 Det ord er sant og all fagning verdt.
- 10 For difor både arbeider me og lid hæding, for di me hev sett vår von til den livande Gud, som er frelsar for alle menneskje, mest dei truande.
- 11 Dette skal du bjoda og læra.
- 12 Lat ingen vanvyrda deg for din ungdom, men ver eit fyredøme for dei truande i tale, i ferd, i kjærleik, i tru, i reinleik!
- 13 Til dess eg kjem, so legg vinn på fyrelesnaden, på påminningi, på læra!
- 14 Vanskøyt ikkje den nådegåva som er i deg, som vart gjevi deg ved profetord med handpåleggjing av dei eldste!
- 15 Tenk på dette, liv i dette, so din framgang kann vera kunnig for alle!
- 16 Gjev agt på deg sjølv og på læra, haldt ved med det! for når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og deim som høyrer deg.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗