디모데전서 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 디모데전서 (1 Timothy) · 15절
- 1 Eg påminner framfor alle ting um at det vert gjort bøner, påkallingar, forbøner, takksegjingar for alle menneskje,
- 2 for kongar og alle dei som er i yverrådande stand, at me kann liva eit stilt og rolegt liv i all gudleg age og søma.
- 3 For dette er godt og tekkjelegt for Gud, vår frelsar,
- 4 han som vil at alle menneskje skal verta frelste og koma til å kjenna sanningi.
- 5 For ein Gud er det, ein millommann er det og millom Gud og menneskje, det menneskjet Kristus Jesus,
- 6 han som gav seg sjølv til løysepening for alle, eit vitnemål i si tid;
- 7 og for dette vart eg sett til forkynnar og apostel - eg segjer sanning, eg lyg ikkje - til lærar for heidningarne i tru og sanning.
- 8 Eg vil då at mennerne på kvar stad skal beda so, at dei lyfter heilage hender utan vreide og ordstrid,
- 9 like eins og at kvinnorne skal pryda seg med sømeleg klædnad i blygd og æra, ikkje med flettingar og gull eller perlor eller dyr klædebunad,
- 10 men som det sømer seg kvinnor som vedkjenner seg gudlegdom, med gode gjerningar.
- 11 Ei kvinna skal lata seg læra i stilla med all lydnad.
- 12 Men eg gjev ikkje ei kvinna lov til å læra eller å bjoda yver mannen, men å vera i stilla.
- 13 For Adam vart skapt fyrst, og so Eva;
- 14 og Adam vart ikkje dåra; men kvinna vart dåra og fall i misgjerning.
- 15 Men ho skal verta frelst gjenom si barneign, um dei vert standande i tru og kjærleik og helging med æra.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗