디도서 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 디도서 (Titus) · 15절
- 1 Men du skal tala slikt som høver til den heilsame læra:
- 2 at gamle menn skal vera ædrue, vyrdelege, vislege, heile i trui, i kjærleiken, i tolmodet;
- 3 like eins at gamle kvinnor i si åtferd skal te seg som det sømer dei heilage, ikkje vera baktalende, ikkje trælar under drykk, men vegleidarar i det gode,
- 4 so dei kann læra dei unge kvinnorne å elska mennerne sine og borni sine,
- 5 til å vera vislege, reine, huslege, gode, sine menner undergjevne, so Guds ord ikkje skal verta spotta.
- 6 Dei unge menner skal du like eins påminna um å vera vislege,
- 7 og vis deg sjølv i alle ting som eit fyredøme i gode gjerningar, og vis i di læra reinleik, vyrdnad,
- 8 heilsam, ulasteleg tale, so motstandaren må verta skjemd, når han inkje vondt hev å segja um oss.
- 9 Tenarar skal du påminna um å vera sine eigne herrar undergjevne, å tekkjast deim i alle ting, ikkje segja imot,
- 10 ikkje vera utrue, men visa all god truskap, so dei i alle ting kann vera til pryda for Guds, vår frelsars, læra.
- 11 For Guds nåde er openberra til frelsa for alle menneskje,
- 12 med di han uppsedar oss til å segja frå oss gudløysa og dei verdslege lyster og liva viseleg og rettferdigt og gudleg i den verdi,
- 13 medan me ventar på den sæle von og openberringi av den store Guds og vår frelsar Jesu Kristi herlegdom,
- 14 han som gav seg sjølv for oss, so han kunde løysa oss ut frå all urettferd og reinsa seg eit eigedomsfolk som er ihuga til gode gjerningar.
- 15 Dette skal du tala og påminna og refsa med all fyresegn. Lat ingen vanvyrda deg!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗