데살로니가전서 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 데살로니가전서 (1 Thessalonians) · 28절
- 1 Men um tiderne og stunderne treng de, brør, ikkje til at me skriv til dykk;
- 2 for de veit sjølve grant at Herrens dag kjem som ein tjuv um natti.
- 3 Når dei segjer: «Fred og ingen f re!» då kjem ein brå undergang yver deim, liksom føderidi yver den som er med barn, og dei skal slett ikkje sleppa undan.
- 4 Men de, brør, er ikkje i myrkret, so dagen skulde koma på dykk som ein tjuv;
- 5 for de er alle born av ljoset og born av dagen; me høyrer ikkje natti eller myrkret til.
- 6 Lat oss difor ikkje sova som dei andre, men lat oss vaka og vera ædrue!
- 7 For dei som søv, dei søv um natti, og dei som drikk seg drukne, dei er drukne um natti;
- 8 men me som høyrer dagen til, lat oss vera ædrue, klædde med den brynja som er tru og kjærleik, og med voni um frelsa som ein hjelm!
- 9 For Gud etla oss ikkje til vreide, men til å vinna frelsa ved vår Herre Jesus Kristus,
- 10 han som døydde for oss, so me, anten me vaker eller søv, skal liva saman med honom.
- 11 Påminn difor kvarandre, og uppbygg einannan innbyrdes, so som de og gjer!
- 12 Men me bed dykk, brør, at de skynar på deim som arbeider ibland dykk og er dykkar forstandarar i Herren og påminner dykk,
- 13 og at de vyrder deim storleg høgt i kjærleik for deira gjerning skuld! Haldt fred med kvarandre!
- 14 Og me legg dykk på hjarta, brør: Påminn dei uskipelege, trøysta dei vanmodige, hjelp dei veike, ver langmodige mot alle!
- 15 Sjå til at ingen gjev nokon vondt att for vondt, men stræva alltid etter det som godt er, både mot kvarandre og mot alle!
- 16 Ver alltid glade!
- 17 Bed uavlatande!
- 18 Takka for alle ting! for dette er Guds vilje i Kristus Jesus til dykk.
- 19 Sløkk ikkje ut Anden!
- 20 Mismæt ikkje profetord!
- 21 men prøv alt, hald fast på det gode!
- 22 Haldt dykk frå vondt av alle slag!
- 23 Men han sjølv, fredsens Gud, helga dykk heilt ut, og gjev at dykkar ånd og sjæl og likam må verta haldne fullkomne, ulastande når vår Herre Jesus Kristus kjem!
- 24 Han som hev kalla dykk, er trufast, han skal og gjera det.
- 25 Brør, bed for oss!
- 26 Helsa alle brørne med ein heilag kyss!
- 27 Eg manar dykk ved Herren, at de let brevet verta lese for alle dei heilage brørne.
- 28 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗