데살로니가후서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 데살로니가후서 (2 Thessalonians) · 12절
- 1 Paulus og Silvanus og Timoteus til kyrkjelyden åt tessalonikarane i Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus:
- 2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!
- 3 Me er skuldige til å takka Gud alltid for dykk, brør, som sømelegt er, for di dykkar tru veks rikleg, og kjærleiken til kvarandre vert større hjå kvar og ein av dykk alle,
- 4 so at me sjølve rosar oss av dykk i Guds kyrkjelydar for dykkar tolmod og tru i alle dykkar forfylgjingar og dei trengslor som de held ut -
- 5 eit fyrebod um Guds rettferdige dom - for at de skal verta funne verdige til Guds rike, det som de og lid for,
- 6 so sant som det er rettferdigt for Gud å gjeva deim trengsla att som trengjer dykk,
- 7 og gjeva dykk som vert trengde, ro med oss når vår Herre Jesus openberrar seg frå himmelen med sitt veldes englar,
- 8 med logande eld, når han tek hemn yver deim som ikkje kjenner Gud, og deim som ikkje lyder vår Herre Jesu evangelium,
- 9 dei som skal lida refsing, ei æveleg fortaping burt frå Herrens åsyn og frå hans veldes herlegdom,
- 10 når han kjem på den dagen for å syna seg herleg i sine heilage og underleg i alle dei truande - for vårt vitnemål til dykk vart motteke med tru.
- 11 Difor bed me og alltid for dykk, at vår Gud må finna dykk verdige til kallet og kraftigt fylla dykk med all hug til det gode og verksemd i trui,
- 12 so vår Herre Jesu namn må verta herleggjort i dykk, og de i honom, etter vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗