데살로니가전서 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 데살로니가전서 (1 Thessalonians) · 18절
- 1 Elles no, brør, bed og påminner me dykk i Herren Jesus, at liksom de hev lært av oss korleis de skal ferdast og tekkjast Gud, som de og gjer, so må de alt meir fremdast deri.
- 2 For de veit kva bod me gav dykk ved Herren Jesus.
- 3 Dette er Guds vilje, dykkar helging: at de skal halda dykk frå utukt;
- 4 at kvar og ein av dykk veit å vinna seg sin eigen make i helging og æra,
- 5 ikkje med ovhug i lyst, so som heidningarne som ikkje kjenner Gud;
- 6 at ingen skal gjera bror sin uskil eller svik i det som han hev å gjera med honom; for Herren er hemnar for alt slikt, som me og fyrr hev sagt og vitna for dykk.
- 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til helging.
- 8 Den som då mismæter dette, han mismæter ikkje eit menneskje, men Gud, som og gjev sin Heilage Ande i dykk.
- 9 Men um broderkjærleiken treng de ikkje til at nokon skriv til dykk; for de er sjølve lærde av Gud til å elska kvarandre;
- 10 for de gjer det og mot alle brørne i heile Makedonia. Men me legg dykk på hjarta, brør, at de alt meir må fremdast deri
- 11 og setja dykkar æra i å liva stilt og taka vare på dykkar eigne saker og arbeida med henderne, som me hev bode dykk,
- 12 so de må ferdast sømeleg med deim som er utanfor, og ikkje trenga til nokon.
- 13 Men eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um deim som er avsovna, so de ikkje skal syrgja liksom dei andre, som ikkje hev nokor von.
- 14 So sant som me trur at Jesus døydde og stod upp, so skal og Gud ved Jesus føra deim som er avsovna saman med honom.
- 15 For dette segjer me dykk med eit ord av Herren, at me som liver, som vert att til dess Herren kjem, ikkje skal koma i fyrevegen for deim som er avsovna;
- 16 for Herren sjølv skal koma ned frå himmelen med bjodande rop, med yverengels røyst og med Guds basun, for dei som er avlidne i Kristus, skal fyrst standa upp;
- 17 so skal me som liver, som vert att, saman med deim verta rykte i skyer upp i lufti til å møta Herren, og so skal me alltid vera med Herren.
- 18 So trøysta då kvarandre med desse ord!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗