데살로니가전서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 데살로니가전서 (1 Thessalonians) · 10절
- 1 Paulus og Silvanus og Timoteus - til kyrkjelyden åt tessalonikarane i Gud Fader og Herren Jesus Kristus: Nåde vere med dykk og fred!
- 2 Me takkar alltid Gud for dykk alle, når me kjem dykk i hug i bønerne våre,
- 3 med di me uavlatande minnest dykkar verksemd i trui og arbeid i kjærleiken og tolmod i voni på vår Herre Jesus Kristus for vår Gud og Faders åsyn,
- 4 då me er visse på at de er utvalde, brør, de som er elska av Gud.
- 5 For vårt evangelium kom ikkje til dykk berre i ord, men og i kraft og i den Heilage Ande og i stor fullvissa, liksom de veit korleis me var millom dykk for dykkar skuld;
- 6 og de vart etterfylgjarar til oss og til Herren då de tok imot ordet i myki trengsla med gleda i den Heilage Ande,
- 7 so de vart eit fyredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia.
- 8 For ifrå dykk hev Herrens ord ljoda ut, ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader er dykkar tru på Gud komi ut, so me ikkje treng til å tala noko um det;
- 9 for dei fortel sjølve um oss, kva inngang me fann hjå dykk, og korleis de vende dykk til Gud frå avgudarne, til å tena den livande og sanne Gud
- 10 og venta på hans son frå himmelen, honom som han vekte upp frå dei daude, Jesus, som frelsar oss frå den komande vreiden.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗