골로새서 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 골로새서 (Colossians) · 18절
- 1 De herrar, gjer imot dykkar tenarar det som rett og rimelegt er, då de veit at de og hev ein Herre i himmelen!
- 2 Ver trottige i bøni, so de vaker i henne med takksegjing!
- 3 Og bed for oss med, at Gud må opna oss ei dør for ordet til å forkynna Kristi løyndom, den som eg og er i lekkjor for,
- 4 so eg kann openberra honom so som eg bør tala.
- 5 Ferdast visleg med deim som er utanfor, so de kjøper den laglege tid!
- 6 Dykkar tale vere alltid tekkjeleg, krydda med salt, so de veit korleis de skal svara kvar og ein.
- 7 Kor det gjeng meg, det skal Tykikus kunngjera dykk alt saman, han min kjære bror og true medhjelpar og medtenar i Herren,
- 8 som eg sender til dykk just for dette, at de skal få vita korleis det er med oss, og han skal trøysta dykkar hjarto,
- 9 saman med Onesimus, den trune og kjære bror, som er ifrå dykk. Korleis det er her, det skal dei kunngjera dykk alt saman.
- 10 Aristarkus, min medfange, helsar dykk, og Markus, Barnabas’ systkinbarn, som de fekk påbod um - når han kjem til dykk, so tak imot honom! -
- 11 og Jesus som og er kalla Justus; desse er av dei umskorne dei einaste medarbeidarar for Guds rike som hev vorte meg til hugge.
- 12 Epafras helsar dykk, han som er ifrå dykk, ein Kristi Jesu tenar som alltid strider for dykk i sine bøner, at de må standa fullkomne og fullvisse i all Guds vilje;
- 13 for eg gjev honom det vitnemål, at han hev mykje stræv for dykk og deim i Laodikea og deim i Hierapolis.
- 14 Lukas helsar dykk, den kjære lækjaren, og Demas.
- 15 Helsa brørne i Laodikea, og Nymfas og kyrkjelyden i hans hus!
- 16 Og når dette brevet er lese hjå dykk, so syt for at det og vert lese i kyrkjelyden hjå laodikearane, og at de fær lesa brevet frå Laodikea!
- 17 Og seg til Arkippus: «Tak vare på den tenesta som du hev motteke i Herren, so du fullfører henne!»
- 18 Helsing med mi, Paulus’, hand: Kom i hug mine lekkjor! Nåden vere med dykk!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗