데살로니가전서 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 데살로니가전서 (1 Thessalonians) · 20절
- 1 For de veit sjølve, brør, um vår inngang hjå dykk, at han ikkje hev vore til fåfengs.
- 2 Men endå me fyreåt hadde lide og vorte ille medfarne i Filippi, som de veit, fekk me då frimod i vår Gud til å tala Guds evangelium til dykk i stor strid.
- 3 For vår forkynning kjem ikkje av villfaring eller av urein hug eller med svik.
- 4 Men liksom me er haldne verdige av Gud til å få evangeliet yverlate, soleis talar me, ikkje som dei som vil tekkjast menneskje, men Gud, han som prøver hjarto våre.
- 5 For korkje kom me noko sinn med smeikjande ord, som de veit, eller med fyrebering for havesykja, Gud er vitne,
- 6 og ikkje heller søkte me æra av menneskje, korkje av dykk eller av andre, endå me kunde ha kravt vyrdnad som Kristi apostlar.
- 7 Men me var milde millom dykk: Som ei mor vermer borni ved barmen,
- 8 soleis var me i inderleg kjærleik til dykk viljuge til å gjeva dykk ikkje berre Guds evangelium, men og vårt eige liv med, av di de vart oss kjære.
- 9 For de minnest då, brør, vårt stræv og vår møda: Medan me arbeidde natt og dag, so me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla, forkynte me Guds evangelium for dykk.
- 10 De er vitne, og Gud med, kor heilagt og rettferdigt og ulastande me ferdast hjå dykk, de truande!
- 11 liksom de veit kor me påminte kvar og ein av dykk, som ein far borni sine, og lagde dykk på hjarta
- 12 og bad dykk inderleg at de skulde ferdast so som verdigt er for Gud, som hev kalla dykk til sitt rike og sin herlegdom.
- 13 Difor takkar me og uavlatande Gud for, at då de fekk det Guds ord me forkynte, so tok de imot det, ikkje som eit menneskje-ord, men - som det i sanning er - som eit Guds ord, som og ter seg verksamt i dykk som trur.
- 14 For de, brør, hev vorte etterfylgjarar til dei Guds kyrkjelydar som er i Kristus Jesus i Judæa; for de hev og lide det same av dykkar eigne samættingar som dei hev lide av jødarne,
- 15 som og slo Herren Jesus og profetarne i hel og forfylgde oss og ikkje er Gud til hugnad og stend alle menneskje imot,
- 16 då dei meinkar oss i å tala til heidningarne, at dei kann verta frelste - so dei alltid må fylla sitt syndemål. Men vreiden hev endeleg nått deim.
- 17 Men då me, brør, ei liti stund hadde vore skilde frå dykk med åsyn, ikkje med hjarta, so hev me i vår store lengting gjort oss so mykje større umak for å få sjå dykkar åsyn;
- 18 for me hev vilja koma til dykk - eg, Paulus, både ein gong og tvo gonger - men Satan hindra oss derifrå.
- 19 For kven er vel vår von eller gleda eller heiderskrans? Er ikkje de det og for vår Herre Jesu Kristi åsyn i hans tilkoma?
- 20 For de er vår æra og gleda.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗