누가복음 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 누가복음 (Luke) · 44절
- 1 Full av den Heilage Ande vende Jesus att ifrå Jordan, og Anden dreiv honom kring i øydemarki
- 2 i fyrti dagar, alt med han vart freista av djevelen. I dei dagarne åt han ingen ting, og då dei var lidne, kjende han seg svolten.
- 3 Då sagde djevelen til honom: «Er du Guds Son, so seg til denne steinen at han skal verta brød.»
- 4 Jesus svara honom so: «Det stend skrive: «Menneskja liver ikkje berre av brød, men av kvart eit Guds ord.»»
- 5 So førde djevelen honom upp på eit høgt fjell, og synte honom alle heimsens rike i ein augneblink,
- 6 og sagde til honom: «Deg vil eg gjeva magt yver alt dette og alt gjævt og gildt som finst i desse riki; for det er lagt i mi hand, og eg gjev det åt kven eg vil;
- 7 fell du no på kne og tilbed meg, so skal det vera ditt alt saman.»
- 8 Men Jesus svara: «Det stend skrive: «Herren, din Gud, skal du tilbeda; honom og ingen annan skal du tena!»»
- 9 So førde djevelen honom til Jerusalem, og sette honom ytst på tempeltaket og sagde til honom: «Er du Guds son, so kasta deg ned herifrå!
- 10 For det stend skrive: «Han englarne sine bjoda skal at dei tek vare på deg vel,»
- 11 og: «På hender dei deg bera skal, so aldri du på nokon stein skal turva støyta foten din.»»
- 12 Då svara Jesus: «Det er sagt: «Du skal ikkje freista Herren, din Gud.»»
- 13 Då djevelen soleis hadde freista honom på alle vis, gjekk han ifrå honom, og let honom vera i fred ei tid.
- 14 So for Jesus attende til Galilæa, fyllt av den krafti som Anden gav honom, og ordet um honom kom ut yver alle bygderne der ikring.
- 15 Han lærde i synagogorne deira, og alle rosa honom.
- 16 Soleis kom han og ein gong til Nasaret, der han var uppalen, og gjekk inn i synagoga på kviledagen, som han var van med; han reiste seg og vilde lesa åt deim,
- 17 og dei gav honom boki åt profeten Jesaja. Då han slo henne upp, fann han den staden der det stend:
- 18 «Ja, Herrens Ånd er yver meg, for han hev salva meg te bera ut eit fagnadbod åt fatige; sendt hev han meg te ropa ut for fangar fridoms dag og lova blinde augneljoset klårt, te løysa deim som trælka er, or tvang,
- 19 Te lysa ut eit hugnads-år frå Herren.»
- 20 Då han hadde late att boki og gjeve henne til tenaren, sette han seg, og alle som i synagoga var, heldt augo sine feste på honom.
- 21 So tok han til ords og byrja soleis: «I dag hev dette skriftordet sannast, som de sjølve kann høyra.»
- 22 Og alle let vel um honom, og undra seg yver dei ovfagre ordi som kom frå hans munn. «Er ’kje dette son åt Josef?» sagde dei.
- 23 Då sagde han til deim: «De vil visst segja med meg som det stend i ordtøket: «Lækjar, læk deg sjølv! Me hev høyrt um alt det som er gjort i Kapernaum - gjer no like eins her i fødesheimen din!»
- 24 Men eg segjer dykk for sant,» heldt han fram: «Ingen profet er velkomen i heimbygdi si.
- 25 Og det segjer eg dykk med sannom: Det var mange enkjor i Israel i Elias’ dagar, då himmelen var stengd i tri år og seks månader, so det vart stor svolt og naud i heile landet,
- 26 og endå vart ’kje Elias send til nokor av deim, men berre til Sarepta i Sidonarlandet, til ei enkja der.
- 27 Og det var mange spilte i Israel den tid profeten Elisa livde, og endå vart ingen av deim rein att, men berre Na’aman, syraren.»
- 28 Då dei i synagoga høyrde det, vart dei alle brennande harme.
- 29 Dei for upp og dreiv honom ut or byen og førde honom burt på bruni av det fjellet som byen deira var bygd på; der vilde dei støyta honom utyver.
- 30 Men han gjekk midt igjenom flokken og for sin veg.
- 31 So kom han ned til Kapernaum, ein by i Galilæa. Der lærde han folket på kviledagen;
- 32 og dei var reint tekne av det han lærde deim, for det var magt i talen hans.
- 33 I synagoga var det ein mann som hadde ei urein ånd i seg. Han sette i og ropa so høgt han kunde:
- 34 «Hu! Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å gjera ende på oss? Eg veit kven du er - den Heilage frå Gud!»
- 35 Jesus truga den vonde åndi og sagde: «Teg still, og far ut or honom!» So kasta åndi honom ned på jordi midt ibland deim og for ut or honom, men skadde honom ikkje.
- 36 Då kom det ein otte yver alle, og dei sagde seg imillom: «Kva er dette for ord? Med mynd og magt talar han til dei ureine ånderne, og dei fer ut!»
- 37 Og det gjekk gjetordet av honom utyver alle bygderne der ikring.
- 38 So tok han ut frå synagoga, og gjekk heim til Simon. Vermor åt Simon låg sjuk og hadde sterke hiteflagor, og dei bad han vilde hjelpa henne.
- 39 Han gjekk innåt, og stod uppyver henne og truga sotti; då slepte sotti henne, og straks reis ho upp og stelte for deim.
- 40 Då soli gladde, kom alle til honom med sine sjuke, kva sjukdom dei so drogst med, og han lagde henderne på kvar ein av deim og lækte deim.
- 41 Mange for det og vonde ånder utor, og dei hua og ropa: «Du er Guds son!» Men han truga deim og gav deim ikkje lov til å tala, av di dei visste han var Messias.
- 42 Då det vart dag, drog han ut og for til ein øydestad. Folket leita etter honom, og då dei kom dit han var, freista dei å halda honom att, so han ikkje skulde ganga frå deim.
- 43 Då sagde han til deim: «Eg lyt bera ut fagnadbodet um Guds rike til dei andre byarne og; for det vart eg send for.»
- 44 Og han heldt ved og tala ordet i synagogorne i Galilæa.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗