누가복음 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 누가복음 (Luke) · 39절
- 1 Ein gong stod han nedmed Gennesaretsjøen, og folket trengde seg um honom og lydde på Guds ord;
- 2 då vart han var tvo båtar som låg ved strandi; fiskarane hadde gjenge utor deim og stod og skylde garni sine.
- 3 Han steig ut i ein av båtarne, som høyrde Simon til, og bad honom leggja eit lite stykke frå land; so sette han seg og lærde folket frå båten.
- 4 Då han hadde halde upp å tala, sagde han til Simon: «Legg ut på djupet og set ut garni dykkar, so de kann få fisk!»
- 5 «Meister, me hev stræva i heile natt og ingen ting fenge,» svara Simon; «men på ditt ord vil eg setja ut garni.»
- 6 So gjorde dei det, og då stengde dei slik ein brote med fisk at garni heldt på og skulde rivna.
- 7 Då vitta dei til lagsmennerne sine i hin båten, at dei skulde koma og taka i med deim, og då dei kom, fyllte dei båe båtarne, so det var nære på dei sokk.
- 8 Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sagde: «Gakk burt frå meg, Herre! Eg er ein syndug mann.»
- 9 For det kom ein støkk på honom og alle deim som var med honom, for skuld all fisken dei hadde sanka;
- 10 og like eins var det med Jakob og Johannes, sønerne åt Sebedæus, som var lagsbrørne åt Simon. Men Jesus sagde til Simon: «Ver ikkje rædd! Heretter skal du fanga menneskje.»
- 11 So rodde dei båtarne til lands og gjekk ifrå alt og fylgde honom.
- 12 Ein gong som han var i ein av byarne, var det der ein mann som var full av spillsykja; med same han såg Jesus, kasta han seg å gruve og bad: «Herre, dersom du vil, kann du gjera meg rein!»
- 13 Jesus rette ut handi og tok burtpå honom og sagde: «Eg vil; ver rein!» Og med ein gong gjekk spillsykja av honom.
- 14 Jesus sagde til honom at han ikkje måtte segja det med nokon: «Men gakk og te deg for presten, og ber fram offer for reinsingi di, etter det som Moses hev sagt, so du kann vitna for deim.»
- 15 Men ordet um honom for berre so mykje vidare utyver, og folk kom i flokk og fylgje og vilde høyra på honom og lækjast for sjukdomarne sine.
- 16 Sjølv heldt han seg avsides i øydemarkerne og bad.
- 17 Ein dag heldt han på og lærde folket, og der sat det farisæarar og lovlærarar, som var komne frå kvar grend i Galilæa og Judæa og frå Jerusalem, og Herrens kraft var yver honom og gav honom magt til å lækja.
- 18 Då kom nokre menner berande med ein som låg i ei seng og var lam; dei vilde bera honom inn og setja honom ned framfyre Jesus,
- 19 men såg seg ingi råd til å koma inn med honom for folkestimen. So gjekk dei upp på taket og fira honom med sengi ned millom taksteinarne, midt framfyre Jesus.
- 20 Då Jesus såg trui deira, sagde han: «Synderne dine er tilgjevne, mann!»
- 21 Då tok dei skriftlærde og farisæarane til å tenkja med seg: «Kva er dette for ein, som talar spottarord mot Gud? Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?»
- 22 Men Jesus skyna kva dei tenkte; han tok til ords og sagde til deim: «Kva er det for tankar de hyser i hjarta?
- 23 Kva er lettast: å segja: «Synderne dine er tilgjevne!» eller å segja: «Statt upp og gakk!»
- 24 Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi, so segjer eg deg» - sagde han til den lame -: «Statt upp, tak sengi di og gakk heim!»
- 25 Og med ein gong stod han upp, midt for augo deira, tok lega si og gjekk heim att, alt med han lova Gud.
- 26 Då vart dei alle so tekne at dei var reint frå seg; dei lova Gud og vart fulle av otte og sagde: «I dag hev me set utrulege ting.»
- 27 So gjekk han ut att. Då fekk han sjå ein tollmann som heitte Levi; han sat på tollbudi. Jesus sagde til honom: «Fylg meg!»
- 28 Då let han alle ting vera og stod upp og fylgde Jesus.
- 29 Levi gjorde eit stort gjestebod for honom i huset sitt; der var det ein heil flokk med tollmenner og andre, som sat til bords med deim.
- 30 Og farisæarane og dei skriftlærde som fylgdest med deim, murra og sagde til læresveinarne hans: «Kvifor et og drikk de i lag med tollmenner og syndarar?»
- 31 Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Dei friske treng ikkje lækjar, men det gjer dei som sjuke er.
- 32 Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til umvending.»
- 33 So sagde dei til honom: «Læresveinarne åt Johannes fastar tidt og ofte og held bøn, og det same gjer læresveinarne åt farisæarane, men dine læresveinar et og drikk!»
- 34 Jesus svara: «Kann de få brudlaupsfolket til å fasta med dei hev brudgomen hjå seg?
- 35 Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; når den tidi kjem, då skal dei fasta.»
- 36 Han sagde deim og ei likning: «Ingen riv eit stykke av ein ny kjole og hev det til bot på ein gamall; for då riv han ikkje berre den nye kjolen sund, men boti som han tok av den nye kjolen, høver ikkje på den gamle.
- 37 Og ingen hev ny vin på gamle lerflaskor; for då sprengjer den nye vinen flaskorne, og vinen renn ut, og flaskorne forferst.
- 38 Ny vin lyt ein hava på nye lerflaskor.
- 39 Og ingen som hev drukke gamall vin, hev hug på ny vin. «Den gamle er best!» segjer han.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗