누가복음 16장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 누가복음 (Luke) · 31절
- 1 Han sagde og til læresveinarne: «Det var ein gong ein rik mann som hadde ein hushaldar. Og folk kom til honom og klaga på hushaldaren, og sagde at han øydde burt midelen hans.
- 2 Då kalla han hushaldaren fyre seg og sagde til honom: «Kva er det no eg høyrer um deg? Gjer rekneskap for styringi di, for du kann ikkje standa fyre huset mitt lenger!»
- 3 Hushaldaren tenkte med seg: «Kva skal eg gjera, sidan herren min segjer meg ut or tenesta? Eg orkar ikkje å grava, eg skjemmest ved å tigga.
- 4 Jau, no veit eg kva eg vil gjera, so dei skal taka meg til seg når eg vert avsett!»
- 5 So kalla han skuldmennerne åt herren sin til seg, ein for ein, og sagde til den fyrste: «Kor mykje er du skuldig husbonden min?»
- 6 «Hundrad anker olje,» svara han. «Her hev du skuldbrevet ditt,» sagde hushaldaren; «set deg ned og skriv snøgt: femti!»
- 7 So spurde han ein annan: «Enn du, kor mykje er du skuldig?» - «Hundrad tunnor kveite,» svara han. «Her hev du skuldbrevet ditt; skriv: åtteti!» sagde hushaldaren.
- 8 Og Herren rosa uærlege hushaldaren for di han hadde fare klokt åt. For denne verdsens born er klokare til å stella seg med sine jamlikar enn ljossens born er.
- 9 Og eg segjer dykk: Vinn dykk vener med den urettferdige Mammon, so dei kann taka imot dykk i dei ævelege heimarne når han tryt!
- 10 Den som er tru i smått, er og tru i stort, og den som er uærleg i smått, er og uærleg i stort.
- 11 Hev de no ikkje vore true med den urettferdige Mammon, kven vil då tru den rette rikdomen åt dykk?
- 12 Og hev de ikkje vore true med det som høyrer andre til, kven vil då gjeva dykk noko de sjølve kann eiga?
- 13 Ingen tenar kann tena tvo herrar; for anten vil han hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvyrda hin. De kann ikkje tena både Gud og Mammon.»
- 14 Alt dette høyrde farisæarane på, og pengekjære som dei var, frynte dei åt honom.
- 15 Då sagde han til deim: «De er dei som fær folk til å tru at de er rettferdige; men Gud kjenner hjarta dykkar; for det som er høgt i folkeaugo, er ein styggedom for Gud.
- 16 Lovi og profetarne rådde alt til Johannes kom; frå den tid hev fagnadbodet um Guds rike vore kunngjort, og kvar og ein bryt seg inn i det med magt.
- 17 Men det vil lettare henda at himmelen og jordi forgjengst enn at ein einaste prikk i lovi fell burt.
- 18 Kvar den som skil seg frå kona si og giftar seg med ei onnor, gjer hor, og den som gifter seg med ei fråskild, gjer hor.
- 19 Det var ein gong ein rik mann; han klædde seg i purpur og fint lin, og heldt gaman og fest dag etter dag.
- 20 Og ein fatig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår,
- 21 og stunda etter å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen; men jamvel hundarne kom og sleikte såri hans.
- 22 So hende det at den fatige døydde, og englarne bar honom av stad og lagde honom ved Abrahams barm. Den rike døydde og, og vart gravlagd.
- 23 Som han no slo upp augo sine i helheimen, der han låg og pintest, ser han Abraham langt burte, og Lasarus innmed barmen hans.
- 24 Då ropa han: «Fader Abraham, gjer sælebot på meg! Send Lasarus so han kann duppa fingertuppen sin i vatn og svala tunga mi! For eg lid fælt i den logen.»
- 25 «Kom i hug, min son,» svara Abraham, «at du fekk det gode du ynskte deg i di livetid, og Lasarus like eins det som vondt var. Men no vert han trøysta her, og du lid vondt.
- 26 Og attåt alt det er det lagt ein stor avgrunn millom oss og dykk, so dei som vil fara herifrå yver til dykk, dei kann ikkje; ikkje heller kann nokon koma derifrå yver til oss.»
- 27 «So bed eg deg, fader,» sagde den rike, «at du vil senda han til farshuset mitt!
- 28 Eg hev fem brør, lat honom vitna for deim, so ikkje dei og skal koma til denne pinslestaden!»
- 29 «Dei hev Moses og profetarne,» svara Abraham; «dei kann høyra på deim.»
- 30 «Å nei, fader Abraham!» sagde han; «men kjem nokon til deim frå dei daude, so gjer dei bot.»
- 31 Då sagde Abraham: «Høyrer dei ikkje på Moses og profetarne, so trur dei ikkje heller um nokon stend upp frå dei daude.»»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗