누가복음 15장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 누가복음 (Luke) · 32절
- 1 Alle tollmenner og syndarar heldt seg nær innåt Jesus og lydde på honom.
- 2 Men farisæarane og dei skriftlærde murra og sagde seg imillom: «Den mannen tek imot syndarar, og et i lag med deim!»
- 3 Då sagde han deim denne likningi:
- 4 Um ein av dykk hev hundrad sauer og misser ein av deim, let han ’kje då dei ni og nitti vera att i beitemarki, og gjeng av og leitar etter den han hev mist, til han finn honom?
- 5 Og når han hev funne honom, er han glad og tek honom på herdarne sine;
- 6 og med same han kjem heim, kallar han i hop vener og grannar, og segjer til deim: «Gled dykk med meg! Eg hev funne sauen eg hadde mist.
- 7 Eg segjer dykk: Soleis er det gleda i himmelen yver ein syndar som vender um, meir enn yver ni og nitti rettferdige som ikkje treng umvending.
- 8 Eller um ei kvinna hev ti sylvpeningar, og misser ein av deim, kveikjer ho ’kje då ljos og sopar huset og leitar trottugt, til dess ho finn honom?
- 9 Og når ho hev funne honom, kallar ho i hop vener og grannkonor og segjer: «Gled dykk med meg! Eg hev funne peningen eg hadde mist.»
- 10 Soleis, segjer eg dykk, vert det gleda på Guds englar yver ein syndar som vender um.»
- 11 So sagde han: «Det var ein gong ein mann som hadde tvo søner.
- 12 Den yngste av deim sagde til faren: «Far, lat meg få den luten av buet som fell på meg!» So skifte han midelen millom deim.
- 13 Det var ’kje mange dagarne lidne, so samla den yngste sonen alt sitt og for langt burt til eit anna land. Der gav han seg i ulivnad, og øydde upp det han åtte.
- 14 Då han hadde sett til alt, vart det uår og svolt der i landet, og han tok til å lida naud.
- 15 So tydde han seg til ein av mennerne i landet, og han sende honom ut på markerne sine; der skulde han gjæta svin.
- 16 Og han var huga til å fylla buken sin med skolmerne som svini åt av, og ingen gav honom noko.
- 17 Då gjekk han i seg sjølv og sagde: «Kor mange leigekarar heime hjå far min hev ikkje fullt upp av mat, med eg held på å svelta i hel her!
- 18 Eg vil taka i veg og ganga heim til far min og segja til honom: «Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg!
- 19 Eg er ’kje verd å kallast son din lenger; lat meg få vera som ein av leigekararne dine!»»
- 20 So tok han i vegen og gjekk heim til far sin. Med han endå var langt burte, vart far hans var honom, og ynkast inderleg; han sprang imot honom og kasta seg um halsen på honom og kysste honom.
- 21 Og sonen sagde: «Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg; eg er ikkje verd å kallast son din lenger!»
- 22 Men faren sagde til tenararne sine: «Kom snøgt med ein klædning, den gildaste her er, og hav på honom, og lat han få ring på fingeren og skor på føterne!
- 23 Henta so den gjødde kalven, og slagta honom, so vil me halda måltid og vera glade!
- 24 For denne sonen min var daud og hev livna upp att, var burtkomen og er attfunnen.» So tok dei til å halda gaman.
- 25 Den eldste sonen var utpå marki. Då han gjekk heimetter og kom burtimot huset, høyrde han spel og dans.
- 26 Han ropa på ein av drengjerne, og spurde kva det skulde tyda.
- 27 «Bror din er komen,» svara drengen, «og far din hev slagta den gjødde kalven, for di han fekk honom frisk heim att.
- 28 Då vart han harm og vilde ikkje ganga inn. Far hans kom ut og tala blidt til honom;
- 29 men han svara far sin so: «No hev eg tent deg so mange år og aldri gjort imot ditt ord, og meg hev du aldri gjeve so mykje som eit kid, so eg kunde gleda meg i hop med venerne mine.
- 30 Men når han kjem denne son din, som hev ete upp midelen din i lag med skjøkjor, då slagtar du gjødkalven åt honom.»
- 31 «Du er allstødt hjå meg, barnet mitt,» svara faren, «og alt som mitt er, er ditt.»
- 32 Men no skulde me vera glade og fegne; for denne bror din var daud og hev livna, var burtkomen og er attfunnen!»»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗