누가복음 17장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 누가복음 (Luke) · 37절
- 1 Sidan sagde han til læresveinarne sine: «Det er uråd anna enn det lyt koma freistingar, men ve yver den som dei kjem ifrå!
- 2 Han var betre faren det låg ein kvernstein um halsen hans og han var kasta i havet, enn at han skulde freista ein av desse små.
- 3 Tak dykk i vare! Syndar bror din, so tala til honom, og angrar han, so tilgjev honom!
- 4 Um han syndar mot deg sju gonger um dagen, og sju gonger kjem attende til deg og segjer: «Eg angrar!» so skal du tilgjeva honom.»
- 5 Apostlarne sagde til Herren: «Gjev oss meir tru!»
- 6 «Hev de tru som eit senapskorn,» svara Herren, «so kunde de segja til dette morbærtreet: «Rykk deg upp og røt deg i havet!» og det skulde lyda dykk.
- 7 Um nokon av dykk hev ein dreng som pløgjer eller gjæter, segjer han då til honom når han kjem heim frå marki: «Kom straks og set deg til bords?»
- 8 Segjer han ’kje heller: «Stell til kveldsmaten åt meg, bind livgjordi um deg, og gakk meg til handa med eg et og drikk! Sidan kann du eta og drikka?»
- 9 Takkar han vel drengen for di han gjorde som han var fyresagd? Eg trur ikkje det.
- 10 Soleis de og; når de hev gjort alt som var sagt dykk, so seg: «Me er uturvande tenarar! Me hev ’kje gjort anna enn det som var skyldnaden vår.»»
- 11 Med han var på vegen til Jerusalem og for midt imillom Samaria og Galilæa,
- 12 bar det so til at han gjekk inn i ein liten by, og der kom det imot han ti menner som hadde spillsykja; dei vart standande eit langt stykke undan,
- 13 og ropa høgt: «Jesus, meister, gjer sælebot på oss!»
- 14 Då Jesus vart var deim, sagde han til deim: «Gakk og te dykk fram for prestarne!» Og med dei var på vegen, hende det at dei vart reine.
- 15 Ein av deim kom attende då han såg han var lækt; han lova Gud med høg røyst,
- 16 og kasta seg å gruve framfor føterne hans og takka honom; det var ein samaritan.
- 17 Då tok Jesus til ords og sagde: «Vart dei ’kje reine alle ti? Kvar er då dei ni?
- 18 Var det ingen utan denne framande som kom attende og vilde gjeva Gud æra?»
- 19 So sagde han til mannen: «Statt upp og gakk heim att! Trui di hev hjelpt deg.»
- 20 Farisæarane spurde honom ein gong når Guds rike skulde koma. Då svara han deim so: «Guds rike kjem ikkje so at ein kann sjå det for augo.
- 21 Ein kann ikkje heller segja: «Sjå her er det!» eller: «Der er det!» For Guds rike, det er inni dykk.»
- 22 Sidan sagde han til læresveinarne: «Det kjem ei tid då de skal stunda etter å sjå ein av dei dagarne då Menneskjesonen råder, men de skal ikkje få sjå det.
- 23 Dei kjem til å segja til dykk: «Sjå der er han! Sjå her!» Gakk ikkje der burt, og fylg ikkje etter deim!
- 24 For liksom ljonet, når det kjem, skin frå himmelbrun til himmelbrun, soleis skal det vera med Menneskjesonen den dagen han kjem.
- 25 Men fyrst lyt han lida mykje, og denne ætti skal skjota honom ifrå seg.
- 26 Og som det var i Noahs dagar, so skal det og vera den tidi då Menneskjesonen kjem:
- 27 dei åt, dei drakk, dei gifte seg, dei vart burtgifte, alt til den dagen då Noah gjekk inn i arki; då kom storflodi og tynte alle i hop.
- 28 Eller som det var i Lots dagar: dei åt, dei drakk, dei kjøpte, dei selde, dei planta, dei bygde;
- 29 men den dagen då Lot tok ut frå Sodoma, regnde det eld og svåvel frå himmelen og tynte deim alle.
- 30 På same vis skal det vera den dagen Menneskjesonen syner seg.
- 31 Er nokon den dagen uppå taket og hev sine ting nedi huset, so må han ikkje ganga ned og henta deim; og er nokon utpå marki, so må han ikkje venda um.
- 32 Kom i hug kona hans Lot!
- 33 Den som freister å berga livet sitt, skal missa det, og den som misser det, skal vinna det att.
- 34 Eg segjer dykk: Den natti skal det liggja tvo i ei seng; den eine skal hentast, og hin setjast att.
- 35 Tvo kvinnor skal mala på same kverni; den eine skal hentast, og hi setjast att.
- 36 Tvo skal vera utpå marki; den eine skal hentast, og hin setjast att.»
- 37 Då tok læresveinarne til ords og sagde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der liket er, der vil ørnane sankast innåt.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗