골로새서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 골로새서 (Colossians) · 25절
- 1 Er de då uppreiste med Kristus, so søk det som er der uppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand!
- 2 Hav hug til det som er der uppe, ikkje til det som er på jordi!
- 3 For de er daude, og dykkar liv er løynt med Kristus i Gud.
- 4 Når Kristus, vårt liv, vert openberra, då skal de og verta openberra med honom i herlegdom.
- 5 So døyd då dykkar jordiske lemer: Utukt, ureinskap, ovhug, vond lyst og havesykje, som er avgudsdyrking!
- 6 for desse ting kjem Guds vreide yver dei vantruande;
- 7 millom deim ferdast de og fordom, den tid de livde i desse ting;
- 8 men no skal de og leggja deim alle av: Vreide, illska, vondskap, spotting, skamleg tale av dykkar munn.
- 9 Ljug ikkje mot kvarandre, de som hev klædt av dykk det gamle menneskje med dei gjerningar det gjer,
- 10 og iklædt dykk det nye, som vert uppnya til kunnskap etter sin skapars bilæte;
- 11 her er ikkje grækar og jøde, umskjering og fyrehud, barbar, skyte, træl, fri mann, men Kristus er alt og i alle.
- 12 Klæd dykk då, som er Guds utvalde, heilage og kjære i hjarteleg miskunn, godleik, audmykt, spaklynde, langmod,
- 13 so de toler kvarandre og tilgjev kvarandre, um nokon hev kjæremål imot nokon! som Kristus tilgav dykk, soleis de og!
- 14 Men attåt alt dette klæd dykk i kjærleiken, som er bandet um fullkomenskapen!
- 15 Og Kristi fred råde i dykkar hjarto, den som de vart kalla til i ein likam, og ver takksame!
- 16 Lat Kristi ord bu rikleg hjå dykk, so de lærer og påminner kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege visor, og syng yndeleg i dykkar hjarto for Gud.
- 17 Og alt som de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved honom!
- 18 De konor, ver mennerne dykkar undergjevne, so som det sømer seg i Herren!
- 19 De menner, elska konorne dykkar og ver ikkje beiske imot deim!
- 20 De born, lyd foreldri dykkar i alle ting! for det er Herren til hugnad.
- 21 De feder, arga ikkje dykkar born, so dei ikkje skal missa modet!
- 22 De tenarar, ver lyduge i alle ting mot herrarne dykkar etter kjøtet, ikkje med augnetenesta, liksom dei som strævar etter å tekkjast menneskje, men i hjartans einfelde, med di de ottast Herren!
- 23 Det de gjer, gjer det av hjarta, so som for Herren og ikkje for menneskje,
- 24 då de veit at de skal få arven til løn av Herren. Ten Herren Kristus!
- 25 Men den som gjer urett, skal få den urett att som han gjorde, og det vert ikkje gjort skil på folk.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗