로그인

고린도전서 13장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도전서 (1 Corinthians) · 13절 · 대역: King James Version

절Studentmållagsbibelen frå 1921King James Version
1 Um eg talar med menneskjetungor og engletungor, men hev ikkje kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølla. Though I speak with the tongues of men and of angels, and have not charity, I am become as sounding brass, or a tinkling cymbal.
2 Og um eg hev profetgåva og kjenner alle løyndomar og all kunnskap, og um eg hev all tru, so at eg kann flytja fjell, men hev ikkje kjærleik, då er eg ingen ting. And though I have the gift of prophecy, and understand all mysteries, and all knowledge; and though I have all faith, so that I could remove mountains, and have not charity, I am nothing.
3 Og um eg gjev til føda for fatige alt det eg eig, og um eg gjev min likam til å verta brend, men hev ikkje kjærleik, då gagnar det meg ingen ting. And though I bestow all my goods to feed the poor, and though I give my body to be burned, and have not charity, it profiteth me nothing.
4 Kjærleiken er langmodig, er velviljug; kjærleiken ovundast ikkje; kjærleiken briskar seg ikkje, blæs seg ikkje upp; Charity suffereth long, and is kind; charity envieth not; charity vaunteth not itself, is not puffed up,
5 han gjer inkje usømelegt, søkjer ikkje sitt eige, illskast ikkje, gøymer ikkje på det vonde; Doth not behave itself unseemly, seeketh not her own, is not easily provoked, thinketh no evil;
6 han gled seg ikkje ved urettferd, men gled seg ved sanning. Rejoiceth not in iniquity, but rejoiceth in the truth;
7 Alt lid han, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. Beareth all things, believeth all things, hopeth all things, endureth all things.
8 Kjærleiken fell aldri burt; men anten det er profetgåvor, so skal dei få ende, eller tungor, so skal dei tagna, eller kunnskap, so skal han få ende. Charity never faileth: but whether there be prophecies, they shall fail; whether there be tongues, they shall cease; whether there be knowledge, it shall vanish away.
9 For me skynar i stykkjevis og talar profetisk i stykkjevis; For we know in part, and we prophesy in part.
10 men når det fullkomne kjem, då skal det som er i stykkjevis, få ende. But when that which is perfect is come, then that which is in part shall be done away.
11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn; men då eg vart mann, lagde eg av det barnslege. When I was a child, I spake as a child, I understood as a child, I thought as a child: but when I became a man, I put away childish things.
12 For no ser me i ein spegel, i ei gåta, men då skal me sjå åsyn til åsyn; no kjenner eg i stykkjevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg og fullt ut er kjend. For now we see through a glass, darkly; but then face to face: now I know in part; but then shall I know even as also I am known.
13 Men no vert dei verande desse tri: Tru, von, kjærleik, og størst av deim er kjærleiken. And now abideth faith, hope, charity, these three; but the greatest of these is charity.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL