고린도전서 10장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도전서 (1 Corinthians) · 33절
- 1 Men eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um at federne våre var alle under skyi og gjekk alle gjenom havet
- 2 og vart alle døypte til Moses i skyi og havet,
- 3 og dei åt alle den same åndelege maten
- 4 og drakk alle den same åndelege drykken; for dei drakk av det åndelege berget som fylgde deim; og berget var Kristus.
- 5 Men like vel hadde Gud ikkje hugnad i dei fleste av deim; for dei vart nedslegne i øydemarki.
- 6 Men desse ting hev vorte fyredøme for oss, so ikkje me skal trå etter det vonde liksom dei trådde.
- 7 Vert ikkje heller avgudsdyrkarar liksom nokre av deim! som skrive stend: «Folket sette seg ned til å eta og drikka og stod upp til å leika.»
- 8 Lat oss ikkje heller driva hor, liksom nokre av deim dreiv hor og fall på ein dag tri og tjuge tusund!
- 9 Lat oss ikkje heller freista Kristus, liksom nokre av deim freista honom og vart tynte av hoggormar!
- 10 Murra ikkje heller, liksom nokre av deim murra og vart tynte av tynaren!
- 11 Men dette hende deim som fyredøme, men det er skrive til påminning for oss som dei siste tider er komne til.
- 12 Difor, den som tykkjer han stend, han sjå til at han ikkje fell!
- 13 Dykk hev ingi freisting råka som menneskje ikkje kann bera; men Gud er trufast, som ikkje skal lata dykk verta freista utyver det de toler, men skal gjera både freistingi og utgangen slik at de kann halda det ut.
- 14 Difor, mine kjære, fly frå avgudsdyrkingi!
- 15 Eg talar som til skynsame folk. Døm sjølv um det eg segjer!
- 16 Velsigningskalken som me velsignar, er han ikkje samfund med Kristi blod? Brødet som me bryt, er det ikkje samfund med Kristi likam?
- 17 Av di der er eitt brød, er me ein likam, endå me er mange; for me er alle samhavande i det eine brødet.
- 18 Sjå til Israel etter kjøtet! Hev ikkje dei som et offeri, samfund med altaret?
- 19 Kva meiner eg so? At avgudsoffer til? eller at ein avgud er til?
- 20 Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud; men eg vil ikkje at de skal koma i samfund med dei vonde ånder.
- 21 De kann ikkje drikka kalken til Herren og kalken til vonde ånder; de kann ikkje hava bordsamlag med Herren og bordsamlag med vonde ånder.
- 22 Eller torer me eggja Herren til harm? Me er då vel ikkje sterkare enn han?
- 23 Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt hev eg lov til, men ikkje alt uppbyggjer.
- 24 Ingen søkje bate for seg sjølv, men det som batar den andre!
- 25 Et alt som vert selt i slagtarbudi, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld!
- 26 For jordi og alt det som fyller henne, høyrer Herren til.
- 27 Og um nokon av dei vantruande bed dykk til gjest, og de vil ganga dit, so et alt som vert framsett for dykk, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld!
- 28 Men um nokon segjer til dykk: «Dette er avgudsoffer,» so et ikkje, for hans skuld som fortalde det, og for samvitet skuld.
- 29 Samvitet, segjer eg, ikkje eins eige, men samvitet hjå den andre. For kvi skal min fridom dømast av annan manns samvit?
- 30 Um eg et med takk, kvi skal eg då verta spotta for det som eg takkar for?
- 31 Anten de so et eller drikk, eller kva de gjer, so gjer alt til Guds æra!
- 32 Ver ikkje til meinstøyt korkje for jødar eller grækarar eller for Guds kyrkja,
- 33 liksom eg og i alt strævar å tekkjast alle, då eg ikkje søkjer det som er gagnlegt for meg sjølv, men for dei mange, at dei må verta frelste.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗