고린도전서 10장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도전서 (1 Corinthians) · 33절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Men eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um at federne våre var alle under skyi og gjekk alle gjenom havet | Moreover, brethren, I would not that ye should be ignorant, how that all our fathers were under the cloud, and all passed through the sea; |
| 2 | og vart alle døypte til Moses i skyi og havet, | And were all baptized unto Moses in the cloud and in the sea; |
| 3 | og dei åt alle den same åndelege maten | And did all eat the same spiritual meat; |
| 4 | og drakk alle den same åndelege drykken; for dei drakk av det åndelege berget som fylgde deim; og berget var Kristus. | And did all drink the same spiritual drink: for they drank of that spiritual Rock that followed them: and that Rock was Christ. |
| 5 | Men like vel hadde Gud ikkje hugnad i dei fleste av deim; for dei vart nedslegne i øydemarki. | But with many of them God was not well pleased: for they were overthrown in the wilderness. |
| 6 | Men desse ting hev vorte fyredøme for oss, so ikkje me skal trå etter det vonde liksom dei trådde. | Now these things were our examples, to the intent we should not lust after evil things, as they also lusted. |
| 7 | Vert ikkje heller avgudsdyrkarar liksom nokre av deim! som skrive stend: «Folket sette seg ned til å eta og drikka og stod upp til å leika.» | Neither be ye idolaters, as were some of them; as it is written, The people sat down to eat and drink, and rose up to play. |
| 8 | Lat oss ikkje heller driva hor, liksom nokre av deim dreiv hor og fall på ein dag tri og tjuge tusund! | Neither let us commit fornication, as some of them committed, and fell in one day three and twenty thousand. |
| 9 | Lat oss ikkje heller freista Kristus, liksom nokre av deim freista honom og vart tynte av hoggormar! | Neither let us tempt Christ, as some of them also tempted, and were destroyed of serpents. |
| 10 | Murra ikkje heller, liksom nokre av deim murra og vart tynte av tynaren! | Neither murmur ye, as some of them also murmured, and were destroyed of the destroyer. |
| 11 | Men dette hende deim som fyredøme, men det er skrive til påminning for oss som dei siste tider er komne til. | Now all these things happened unto them for ensamples: and they are written for our admonition, upon whom the ends of the world are come. |
| 12 | Difor, den som tykkjer han stend, han sjå til at han ikkje fell! | Wherefore let him that thinketh he standeth take heed lest he fall. |
| 13 | Dykk hev ingi freisting råka som menneskje ikkje kann bera; men Gud er trufast, som ikkje skal lata dykk verta freista utyver det de toler, men skal gjera både freistingi og utgangen slik at de kann halda det ut. | There hath no temptation taken you but such as is common to man: but God is faithful, who will not suffer you to be tempted above that ye are able; but will with the temptation also make a way to escape, that ye may be able to bear it. |
| 14 | Difor, mine kjære, fly frå avgudsdyrkingi! | Wherefore, my dearly beloved, flee from idolatry. |
| 15 | Eg talar som til skynsame folk. Døm sjølv um det eg segjer! | I speak as to wise men; judge ye what I say. |
| 16 | Velsigningskalken som me velsignar, er han ikkje samfund med Kristi blod? Brødet som me bryt, er det ikkje samfund med Kristi likam? | The cup of blessing which we bless, is it not the communion of the blood of Christ? The bread which we break, is it not the communion of the body of Christ? |
| 17 | Av di der er eitt brød, er me ein likam, endå me er mange; for me er alle samhavande i det eine brødet. | For we being many are one bread, and one body: for we are all partakers of that one bread. |
| 18 | Sjå til Israel etter kjøtet! Hev ikkje dei som et offeri, samfund med altaret? | Behold Israel after the flesh: are not they which eat of the sacrifices partakers of the altar? |
| 19 | Kva meiner eg so? At avgudsoffer til? eller at ein avgud er til? | What say I then? that the idol is any thing, or that which is offered in sacrifice to idols is any thing? |
| 20 | Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud; men eg vil ikkje at de skal koma i samfund med dei vonde ånder. | But I say, that the things which the Gentiles sacrifice, they sacrifice to devils, and not to God: and I would not that ye should have fellowship with devils. |
| 21 | De kann ikkje drikka kalken til Herren og kalken til vonde ånder; de kann ikkje hava bordsamlag med Herren og bordsamlag med vonde ånder. | Ye cannot drink the cup of the Lord, and the cup of devils: ye cannot be partakers of the Lord’s table, and of the table of devils. |
| 22 | Eller torer me eggja Herren til harm? Me er då vel ikkje sterkare enn han? | Do we provoke the Lord to jealousy? are we stronger than he? |
| 23 | Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt hev eg lov til, men ikkje alt uppbyggjer. | All things are lawful for me, but all things are not expedient: all things are lawful for me, but all things edify not. |
| 24 | Ingen søkje bate for seg sjølv, men det som batar den andre! | Let no man seek his own, but every man another’s wealth. |
| 25 | Et alt som vert selt i slagtarbudi, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld! | Whatsoever is sold in the shambles, that eat, asking no question for conscience sake: |
| 26 | For jordi og alt det som fyller henne, høyrer Herren til. | For the earth is the Lord’s, and the fulness thereof. |
| 27 | Og um nokon av dei vantruande bed dykk til gjest, og de vil ganga dit, so et alt som vert framsett for dykk, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld! | If any of them that believe not bid you to a feast, and ye be disposed to go; whatsoever is set before you, eat, asking no question for conscience sake. |
| 28 | Men um nokon segjer til dykk: «Dette er avgudsoffer,» so et ikkje, for hans skuld som fortalde det, og for samvitet skuld. | But if any man say unto you, This is offered in sacrifice unto idols, eat not for his sake that shewed it, and for conscience sake: for the earth is the Lord’s, and the fulness thereof: |
| 29 | Samvitet, segjer eg, ikkje eins eige, men samvitet hjå den andre. For kvi skal min fridom dømast av annan manns samvit? | Conscience, I say, not thine own, but of the other: for why is my liberty judged of another man’s conscience? |
| 30 | Um eg et med takk, kvi skal eg då verta spotta for det som eg takkar for? | For if I by grace be a partaker, why am I evil spoken of for that for which I give thanks? |
| 31 | Anten de so et eller drikk, eller kva de gjer, so gjer alt til Guds æra! | Whether therefore ye eat, or drink, or whatsoever ye do, do all to the glory of God. |
| 32 | Ver ikkje til meinstøyt korkje for jødar eller grækarar eller for Guds kyrkja, | Give none offence, neither to the Jews, nor to the Gentiles, nor to the church of God: |
| 33 | liksom eg og i alt strævar å tekkjast alle, då eg ikkje søkjer det som er gagnlegt for meg sjølv, men for dei mange, at dei må verta frelste. | Even as I please all men in all things, not seeking mine own profit, but the profit of many, that they may be saved. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL