에베소서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 에베소서 (Ephesians) · 23절
- 1 Paulus, Jesu Kristi apostel ved Guds vilje, til dei heilage i Efesus som trur på Kristus Jesus:
- 2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!
- 3 Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, som hev velsigna oss med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus,
- 4 liksom han valde oss ut i honom, fyrr verdi vart grunnlagd, at me skulde vera heilage og ulastelege for hans åsyn,
- 5 med di han i kjærleik fyreåt etla oss til barnekår hjå seg sjølv ved Jesus Kristus etter si frie vilje-rådgjerd,
- 6 til lov for sin herlege nåde, som han gav oss i honom som han elskar.
- 7 I honom hev me utløysingi ved hans blod, forlating for synderne, etter rikdomen av hans nåde,
- 8 som han gav oss rikleg i all visdom og vitsemd,
- 9 då han kunngjorde oss løyndomen um sin vilje etter si frie rådgjerd, som han fyresette seg med seg sjølv,
- 10 um eit hushald han vilde skipa når tiderne var fullkomne, nemleg at han atter vilde sameina alt til eitt i Kristus, både det som er i himmelen, og det som er på jordi.
- 11 Og i honom hev me og fenge arvlut, etter at me fyreåt var etla dertil etter hans fyresetning som verkar alt etter si vilje-rådgjerd,
- 12 so me skulde vera hans herlegdom til lov, me som fyreåt hadde vona på Kristus.
- 13 Og i honom hev de og, då de hadde høyrt sannings-ordet, evangeliet um dykkar frelsa - i honom hev de og, då de hadde teke ved trui, fenge til innsigle den Heilage Ande, som var oss lova,
- 14 han som er pantet på vår arv til hans eigedomsfolks utløysing, hans herlegdom til lov.
- 15 Difor, sidan eg høyrde um dykkar tru på Herren Jesus og um dykkar kjærleik til alle dei heilage,
- 16 so held eg ikkje upp med å takka for dykk når eg kjem dykk i hug i mine bøner,
- 17 at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Fader, må gjeva dykk visdoms og openberrings Ande til kunnskap um seg,
- 18 og gjeva dykkar hug upplyste augo, so de kann kjenna kva von det er han hev kalla dykk til, og kor rik på herlegdom hans arv er ibland dei heilage,
- 19 og kor yvervættes stor hans magt er for oss som trur, etter verknaden av hans velduge kraft,
- 20 som han synte på Kristus, då han vekte honom upp frå dei daude og sette honom ved si høgre hand i himmelen,
- 21 høgt yver all magt og yverråd og alt velde og herredøme og yver kvart namn som vert nemnt, ikkje berre i denne verdi, men og i den tilkomande,
- 22 og han lagde alt under hans føter og gav honom som hovud yver alle ting åt kyrkja,
- 23 som er hans likam, fyllt av honom som fyller alt i alle.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗