갈라디아서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 갈라디아서 (Galatians) · 29절
- 1 Å, de uvituge galatarar! kven hev trylt dykk, de som hev fenge Jesus Kristus måla for augo som krossfest?
- 2 Berre det vil eg få vita av dykk: Fekk det Anden ved lovgjerningar eller ved å høyra trui forkynt?
- 3 Er de so uvituge? De tok til i ånd; vil de no fullenda i kjøt?
- 4 So mykje hev de røynt til unyttes? - um det då elles er til unyttes.
- 5 Og han som gjev dykk Anden og gjer kraftverk millom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved å forkynna trui?
- 6 Liksom Abraham trudde Gud, og det vart rekna honom til rettferd.
- 7 Difor skal de vita, at dei som hev tru, dei er Abrahams born.
- 8 Men Skrifti såg fyreåt at Gud vilde gjera heidningarne rettferdige ved tru, og gav so Abraham fyreåt det fagnadbodet: «I deg skal alle folkeslag verta velsigna.»
- 9 So vert då dei som hev tru, velsigna med den truande Abraham.
- 10 For so mange som held seg til lovgjerningar, dei er under forbanning; for det stend skrive: «Forbanna er kvar den som ikkje held ved i alt det som stend skrive i lovboki, so han gjer etter det.»
- 11 Men at ingen vert rettferdiggjord for Gud ved lovi, det er audsynlegt; for «den rettferdige, ved tru skal han liva.»
- 12 Men lovi hev ingen ting med trui å gjera, men «den som gjer so, skal liva ved det.»
- 13 Kristus kjøpte oss frie frå forbanningi av lovi, då han vart ei forbanning for oss - for det er skrive: «Forbanna er kvar den som heng på eit tre» -
- 14 so velsigningi åt Abraham kunde koma yver heidningarne i Kristus Jesus, so me ved trui kunde få Anden, som var oss lova.
- 15 Brør! eg talar på menneskjevis. Ingen gjer då ei pakt av eit menneskje ugild eller legg noko til etter ho er stadfest.
- 16 Men lovnaderne vart gjevne til Abraham og hans ætt; han segjer ikkje: «Og ættingarne» liksom um mange, men som um ein: «Og di ætt», og det er Kristus.
- 17 Det eg vil segja, er dette: Ei pakt som fyreåt er stadfest av Gud, henne kann lovi, som vart gjevi fire hundrad og tretti år seinare, ikkje gjera ugild, so ho skulde gjera lovnaden til inkjes.
- 18 For er arven av lov, so er han ikkje meir av lovnad; men Gud gav Abraham honom ved lovnad.
- 19 Kva skulde so lovi til? Ho vart sett attåt for misgjerderne skuld, til dess den ætti kom som lovnaden galdt um - tilskipa av englar, ved ein millommanns hand;
- 20 men ein millommann er ikkje berre for ein; men Gud er ein.
- 21 Er so lovi imot Guds lovnader? Langt ifrå! for var det gjeve ei lov som hadde magt til å gjera livande, so kom rettferdi verkeleg av lovi.
- 22 Men Skrifti hev stengt alt inn under synd, so det som var lova, skulde ved tru på Jesus Kristus verta gjeve deim som trur.
- 23 Men fyrr trui kom, vart me haldne innestengde i varetekt under lovi til den tru som skulde openberrast.
- 24 So hev då lovi vorte vår tuktemeister til Kristus, so me skulde verta rettferdiggjorde av tru.
- 25 Men no, då trui er komi, er me ikkje lenger under tuktemeisteren;
- 26 for de er alle Guds born ved trui på Kristus Jesus.
- 27 For de, so mange som er døypte til Kristus, de hev iklædt dykk Kristus.
- 28 Her er ikkje jøde eller grækar, her er ikkje træl eller fri mann, her er ikkje mann og kvinna; for de er alle ein i Kristus Jesus.
- 29 Men høyrer de Kristus til, so er de og Abrahams ætt, ervingar etter lovnaden.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗