호세아 6장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 호세아 (Hosea) · 11절
- 1 «Kom, lat oss venda um til Herren! For det er han som hev såra, og han vil lækja oss. Han slo, men vil og fetla oss.
- 2 Han skal gjera oss livande um tvo dagar, den tridje dagen skal han reisa oss upp att, og me skal liva framfor hans åsyn.
- 3 So lat oss læra å kjenna, ja, lat oss strida for å læra kjenna Herren! Han renn upp so visst som morgonroden. Og han kjem nedyver oss som regnet, som eit vårregn som væter jordi.»
- 4 Kva skal eg gjera med deg, Efraim? Kva skal eg gjera med deg, Juda? For kjærleiken dykkar er som ei morgonsky, liksom doggi som tidleg kverv.
- 5 Difor hev eg gjeve hogg ved profetarne. Eg hev drepe deim med min munns ord, og domarane dine for ut som ljoset.
- 6 For eg hev hug til kjærleik og ikkje til slagtoffer, og til Guds-kunnskap meir enn til brennoffer.
- 7 Men dei hev brote pakti som Adam. Der hev dei vore utrue mot meg.
- 8 Gilead er ein by for illgjerningsmenner, full av blodfar.
- 9 Og som ein røvarflokk som ligg på lur etter folk, er heile prestehopen; dei drep på vegen til Sikem. Ja, skamlaust fer dei åt.
- 10 I Israels hus hev eg set gruvelege ting. Der driv Efraim på med hor, sulkar Israel seg til.
- 11 Ogso for deg, Juda, er tiletla ei skurdonn, når eg vender mitt folks lagnad.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗