출애굽기 39장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 출애굽기 (Exodus) · 43절
- 1 Av purpuret og skarlaket og karmesinet gjorde dei embætsskrud til tenesta i heilagdomen og laga den heilage klædbunaden åt Aron, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
- 2 Messehakelen gjorde dei av gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn.
- 3 Dei hamra gullet ut i plator og klypte det upp til tråd, so det kunde virkast inn i purpuret og skarlaket og karmesinet og det kvite lingarnet med kunstvevnad.
- 4 So gjorde dei aksleband til å festa innåt messehakelen; med deim vart han hekta i hop på båe endarne.
- 5 Livgjordi som var på messehakelen og skulde spennast um honom, var like eins vovi og av same tyet - av gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn - soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
- 6 So ferda dei til sjohamsteinarne, og felte deim inn i fatingar av tvinna gull. Namni åt Israels-sønerne var inngravne på deim som på ein seglring,
- 7 og dei vart sette på akslebandi åt messehakelen til minna um Israels-sønerne, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
- 8 So gjorde dei bringeduken. Han var vænt rosa liksom messehakelen, med gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn.
- 9 Firkanta gjorde dei bringeduken og tvilagd; ei spann på lengdi og ei spann på breiddi var han, og tvilagd.
- 10 Og fire rader med dyre steinar sette dei på honom: I ei rad var ein karneol og ein topas og ein smaragd; det var den fyrste radi.
- 11 I den andre radi var ein rubin og ein safir og ein beryll,
- 12 og i den tridje radi ein hyacint og ein agat og ein ametyst,
- 13 og i den fjorde radi ein krysolit og ein sjoham og ein jaspis. Dei vart innfelte i fatingar av tvinna gull.
- 14 Steinarne var so mange som Israels-sønerne, tolv, so dei svara til talet deira, og på kvar stein var namnet åt ei av dei tolv ætterne inngrave som på ein seglring.
- 15 So laga dei lekkjor av skirt gull, slyngde som snorer, til bringeduken.
- 16 Og dei gjorde tvo gullsylgjor og tvo gullringar, og sette ringarne i kvar sitt hyrna på bringeduken.
- 17 Dei tvo gullsnorerne feste dei i dei tvo ringarne som sat i hyrno på bringeduken,
- 18 og dei hine tvo endarne av båe snorerne feste dei i dei tvo sylgjorne, og sylgjorne sette dei på akslebandi åt messehakelen, på framsida.
- 19 So gjorde dei tvo andre gullringar og sette i dei hine tvo hyrno på bringeduken, på den sida som vender inn imot messehakelen.
- 20 Og endå tvo gullringar gjorde dei og sette på båe akslebandi åt messehakelen, nedantil på framsida, der som han var hekta i hop, ovanfor livgjordi,
- 21 og so batt dei med ei purpursnor ringarne på bringeduken i hop med ringarne på messehakelen, so bringeduken sat ovanfor livgjordi og ikkje kunde rikkast frå messehakelen, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
- 22 So gjorde dei prestekjolen, som var til å bera under messehakelen; han var voven og all igjenom av purpur.
- 23 Midt på honom var det eit halssmog som på ei brynja, og kringum halssmoget ei borda, so han ikkje skulde rivna.
- 24 I falden på kjolen sette dei duskar, på gjerd som granateple, av tvinna purpurgarn og skarlak og karmesin,
- 25 so gjorde dei bjøllor av skirt gull og sette rundt ikring på kjolefalden, millom duskarne:
- 26 fyrst ei bjølla og ein dusk, so ei bjølla og ein dusk att, og soleis rundt heile kjolefalden, til å bruka ved gudstenesta, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
- 27 So gjorde dei vovne underkjolar av fint lin til Aron og sønerne hans,
- 28 og ei kvit linhuva, og prydelege hovudplagg av kvitt lin, og lereftsbrøker av kvitt tvinna lingarn,
- 29 og ei livgjord med rosor av kvitt tvinna lingarn og purpur og skarlak og karmesin, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
- 30 So gjorde dei gullspongi, det heilage hovudgullet, og på den grov dei inn, som i ein seglring: «Vigd åt Herren,»
- 31 og dei sette ei purpursnor i henne, og feste henne ovantil på huva, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
- 32 No var det ferdigt alt det som skulde arbeidast åt møtetjeldhuset, og Israels-folket hadde i eitt og alt gjort det soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
- 33 So kom dei då til Moses med huset: tjeldet med alt det som høyrde til det: krokarne og plankarne og tverrstokkarne og stolparne og stabbarne
- 34 og det raudlita verskinnstaket og markuskinns-taket og forhengtæpet,
- 35 lovtavlekista med berestengerne og loket,
- 36 bordet med alle dei ting som høyrde til det, og skodebrødi,
- 37 gull-ljosestaken med lamporne som var sette i rad og alt anna som høyrde til,
- 38 gullaltaret og salvingsoljen og den angande røykjelsen og tæpet til tjelddøri,
- 39 koparaltaret med kopargrindi og berestengerne og alt anna som høyrde attåt, balja og foten ho skulde standa på,
- 40 lereftsgarden til tunet med stolparne og stabbarne som høyrde til og tæpet til tunporten og togi og pålarne og alt det som skulde brukast til den heilage tenesta i gudshuset, i møtetjeldet,
- 41 embætsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage klædebunaden til Aron, presten, og messeklædi til sønerne hans.
- 42 Som Herren hadde sagt Moses fyre, heiltupp soleis hadde Israels-folket gjort alt arbeidet.
- 43 Og Moses skoda heile verket, og då han såg at det var ferdigt, og at dei i alle måtar hadde gjort det soleis som Herren hadde sagt, so velsigna han deim.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗