출애굽기 38장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 출애굽기 (Exodus) · 31절
- 1 So gjorde han brennofferaltaret av akazietre, fem alner langt og fem alner breidt, firkanta, og tri alner høgt.
- 2 På kvart av dei fire hyrno gjorde han eit horn, og horni var i eitt med altaret. Heile altaret klædde det med kopar.
- 3 Sidan gjorde han alle gognerne som høyrde til altaret: fati og eldskuflerne og blodbollarne og steikjespiti og glodpannorne; alle desse gognerne gjorde han av kopar.
- 4 So laga han ei kopargrind til altaret på gjerd som eit net; den sette han under altarskori, nedantil, so ho rakk midt uppå altaret.
- 5 Og han støypte fire ringar og sette i dei fire hyrno på kopargrindi, til å smøygja stenger inn i.
- 6 Stengerne gjorde han av akazietre, og klædde deim med kopar,
- 7 og so smøygde han deim inn i ringarne på sidorne av altaret, so det kunde berast etter deim. Altaret gjorde han av bord, so det var holt.
- 8 So gjorde balja med foten under av kopar. Til det bruka han speglarne åt dei kvendi som gjorde tenesta i døri til møtetjeldet.
- 9 So emna han til gjerde kring tunet: Til solsida, den sida som snudde mot sud, gjorde han ein gard av kvitt linlereft, hundrad alner lang,
- 10 og til den tjuge stolpar, med tjuge koparstabbar og hakar og teinar av sylv.
- 11 Til nordsida gjorde han og ein lereftsgard som var hundrad alner lang, og tjuge stolpar med kvar sin koparstabbe og hakar og teinar av sylv.
- 12 Til vestsida gjorde han ein lereftsgard på femti alner med ti stolpar, og til deim ti stabbar og sylvhakar og sylvteinar.
- 13 Til framsida, austsida, som og var femti alner,
- 14 gjorde han femtan alner lereftsgard til den eine leidi, med tri stolpar og stabbarne som høyrde til,
- 15 og til den andre leidi, både til den eine og den andre sida åt tunporten, femtan alner lereftsgard og tri stolpar med kvar sin stabbe.
- 16 Heile garden rundt ikring tunet var av kvitt linlereft.
- 17 Stabbarne som stolparne skulde standa på, var av kopar, men hakarne og teinarne var av sylv, og like eins ålaget på stolpehovudi. Dei var bundne i hop med sylvteinar, alle gardstolparne.
- 18 Tæpet til tunporten var utsauma med rosor av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn. Det var tjuge alner langt, og fem alner høgt, etter vevbreiddi, liksom tungarden.
- 19 Stolparne det skulde hanga på, var fire i talet, og sameleis stabbarne som høyrde til. Stabbarne var av kopar. Hakarne var av sylv. Ålaget på stolpehovudi og teinarne var og av sylv.
- 20 Alle pålarne til huset og til garden rundt ikring var av kopar.
- 21 No skal de høyra kor mykje det gjekk med til huset, til det huset som gøymde Guds lov; for Moses sette Levi-sønerne til å rekna det yver, og Itamar, son åt Aron, presten, stod fyre rekningi.
- 22 Men Besalel, son åt Uri Hursson, av Juda-ætti, var den som gjorde alt det som Herren hadde tala til Moses um,
- 23 og i lag med honom Åhåliab, son åt Akhisamak, av Dans-ætti, ein meister til å smida og snikra og veva åklæde med bilæte og rosor av purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn -:
- 24 Alt gullet som vart bruka til det som skulde arbeidast åt heilagdomen, heile gullmengdi som vart gjevi i offergåva, var ni og tjuge talentar og fem og fyrti merker og ti lodd, etter heilag vegt.
- 25 Og sylvet som kom inn då dei heldt manntal yver lyden, det var hundrad talent og hundrad og ti merker og femtan lodd etter heilag vegt:
- 26 ein beka eller eit halvt lodd etter heilag vegt for kvar mann som kom med i manntalet, frå tjugeårsalderen og uppetter, og det var seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann.
- 27 Dei hundrad talenti med sylv vart bruka til å støypa stabbarne til heilagdomen og forhenget, hundrad stabbar av dei hundrad talenti; det gjekk med eitt talent til kvar stabbe.
- 28 Og dei hundrad og ti merkerne og femtan loddi bruka dei til hakar på stolparne og ålag yver deim og til teinar som skulde binda deim i hop.
- 29 Koparen som vart gjeven i offergåva, var sytti talent og hundrad og femti merker.
- 30 Av den gjorde dei stabbarne til møtetjelddøri, og koparaltaret med kopargrindi som høyrer til, og alle altargognerne,
- 31 og stabbarne til garden rundt ikring tunet, og stolparne til tunporten, og alle pålarne til huset og garden rundt ikring.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗