창세기 46장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 창세기 (Genesis) · 34절
- 1 Og Israel tok ut med alt det han hadde, og då han kom til Be’erseba, ofra han slagtoffer til honom som var Gud åt Isak, far hans.
- 2 Då tala Gud til Israel i syner um natti, og sagde: «Jakob, Jakob!» Og han svara: «Ja, her er eg.»
- 3 Då sagde han: «Eg er Gud, Gud åt far din. Ver ikkje rædd å fara ned til Egyptarland; for der vil eg gjera deg til eit stort folk.
- 4 Eg skal fara med deg ned til Egyptarland, og eg skal fylgja deg upp att og; det kann du lita på! Og Josef skal leggja att augo dine.»
- 5 So tok Jakob ut frå Be’erseba, og Israels-sønerne køyrde Jakob, far sin, og borni og konorne sine i dei vognerne som Farao hadde sendt til å henta honom i.
- 6 Og dei tok med seg bufeet sitt og godset sitt, som dei hadde lagt seg til i Kana’ans-land. So kom dei til Egyptarland, Jakob og all hans ætt med honom:
- 7 Sønerne og sonesønerne sine, døtterne og sonedøtterne sine, heile si ætt, hadde han med seg til Egyptarland.
- 8 Og dette er namni på Israels-sønerne som kom til Egyptarland, Jakob og sønerne hans: Ruben, eldste son åt Jakob,
- 9 og sønerne åt Ruben: Hanok og Pallu og Hesron og Karmi;
- 10 og sønerne åt Simeon: Jemuel og Jamin og Ohad og Jakin og Sohar og Saul, son åt kananitarkvinna;
- 11 og sønerne åt Levi: Gerson og Kahat og Merari;
- 12 og sønerne åt Juda: Er og Onan og Sela og Peres og Zerah; men Er og Onan døydde i Kana’ans-land - og sønerne åt Peres: Hesron og Hamul;
- 13 og sønerne åt Issakar: Tola og Puva og Job og Simron;
- 14 og sønerne åt Sebulon: Sered og Elon og Jahle’el.
- 15 Dette var sønerne åt Lea; ho fekk deim med Jakob i Mesopotamia, og so Dina, dotter hans. Alle desse sønerne og døtterne hans var tri og tretti i tallet.
- 16 Og sønerne åt Gad: Sifjon og Haggi, Suni og Esbon, Eri og Arodi og Areli;
- 17 Og sønerne åt Asser: Jimna og Jisva og Jisvi og Bria, og so Serah, syster deira; og sønerne åt Bria: Heber og Malkiel.
- 18 Dette var sønerne åt Zilpa, som Laban gav Lea, dotter si; ho fekk deim med Jakob, dei var sekstan i talet.
- 19 Og sønerne åt Rakel, kona hans Jakob: Josef og Benjamin.
- 20 Og Josef fekk born i Egyptarland; han fekk deim med Asnat, dotter åt Potifera, presten i On: dei heitte Manasse og Efraim.
- 21 Og sønerne åt Benjamin: Bela og Beker og Asbel, Gera og Na’aman, Ehi og Ros, Muppim og Huppim og Ard.
- 22 Dette var dei borni som Jakob fekk med Rakel; dei var i alt fjortan.
- 23 Og sønerne åt Dan: Husim;
- 24 og sønerne åt Naftali: Jahse’el og Guni og Jeser og Sillem.
- 25 Dette var sønerne åt Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si; ho fekk deim med Jakob, dei var i alt sju.
- 26 Alle dei som kom med Jakob til Egyptarland, og som var ætta ifrå honom, umfram konorne åt sønerne hans, var alt i alt seks og seksti mann.
- 27 Og sønerne åt Josef, som han fekk i Egyptarland, var tvo. Alle som kom til Egyptarland av Jakobs-ætti, var sytti i talet.
- 28 Og han sende Juda fyre seg til Josef, og bad at han vilde syna deim vegen til Gosen. Og so kom dei til Gosenlandet.
- 29 Og Josef let setja fyre vogni si, og for upp til Gosen, til møtes med Israel, far sin; og med same han fekk sjå honom, kasta han seg um halsen på honom, og gret lenge, med armarne um halsen hans.
- 30 Då sagde Israel med Josef: «No vil eg gjerne døy, sidan eg hev set deg i andlitet, og veit at du endå er i live.»
- 31 Og Josef sagde med brørne sine og med farsfolket sitt: «No vil eg upp til Farao og bera fram bod um dette og segja: «Brørne mine og farsfolket mitt, som var i Kana’ans-land, hev kome hit til meg.
- 32 Og desse mennerne er sauehyrdingar; dei hev stødt drive med å ala fe, og sauerne og nauti sine og alt det dei eig, hev dei havt med seg hit.»
- 33 Når so Farao kallar dykk til seg og spør: «Kva hev de til liveveg?»
- 34 so skal de svara: «Fehyrdingar hev tenarane dine vore alt ifrå ungdomen og til no, både me og federne våre» - so de kann få bu i Gosenlandet; for egyptarane hev ein stygg til alle sauehyrdingar.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗