창세기 45장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 창세기 (Genesis) · 28절
- 1 Då kunde ikkje Josef dylja tårorne lenger for alle deim som stod ikring honom. Han ropa: «Lat alle ganga ut ifrå meg!» Og det var ingen inne, då Josef opendaga seg for brørne sine.
- 2 Og han brast i og gret so høgt at egyptarane høyrde det, og dei høyrde det i huset åt Farao.
- 3 Og Josef sagde med brørne sine: «Eg er Josef. Liver far min endå?» Men brørne hans kunde ikkje svara; dei stod der som dei var klumsa.
- 4 Då sagde Josef med brørne sine: «Kjære væne, kom hit til meg!» So gjekk dei burt til honom. Då sagde han: «Eg er Josef, bror dykkar, som de selde til Egyptarland.
- 5 Men no skal de ikkje syta eller harmast, for di de selde meg hit! Til livberging for mange hev Gud sendt meg fyre dykk.
- 6 For no er det andre året her er svolt i landet, og endå kjem her fem år til som det korkje vert pløgt eller hausta.
- 7 Men Gud sende meg fyre, av di han vilde leiva ætt etter dykk på jordi, og av di han vilde berga liv for dykk, so det vart ei stor frelsa.
- 8 So er det då ikkje de, som hev sendt meg hit, men Gud, og han hev gjort meg til far for Farao og til herre yver alt hans hus og til styrar i heile Egyptarlandet.
- 9 Skunda dykk og far heim til far min, og seg med honom: «So segjer Josef, son din: «Gud hev sett meg til herre yver heile Egyptarland. Kom no ned til meg! Dryg ikkje!
- 10 Du skal få bu i Gosenlandet og vera innmed meg, både du og borni og barneborni dine, med bufeet ditt, både smått og stort, og med alt det du hev.
- 11 Og eg skal syta for deg der - for endå kjem det fem uår - so det ikkje skal vanta deg noko, korkje deg eller huslyden din eller nokon av dine.»»
- 12 No ser de det med dykkar eigne augo, og Benjamin, bror min, ser det og, at det er eg som talar til dykk.
- 13 Ber då bod til far min um all mi æra og magt i Egyptarland og um alt de hev set, og skunda dykk og kom hit att med far min!»
- 14 So lagde han armarne um halsen på Benjamin, bror sin, og gret, og Benjamin gret og innmed barmen hans.
- 15 Og han kysste alle brørne sine og gret, medan han heldt deim i fanget. Og sidan rødde brørne hans med honom.
- 16 Og det spurdest i huset åt Farao, at brørne hans Josef var komne, og Farao og mennerne hans vart fegne.
- 17 Og Farao sagde med Josef: «Seg du med brørne dine: «So skal de gjera: de skal klyvja på dyri dykkar og fara, til de kjem heim til Kana’ans-landet.
- 18 Då skal de taka far dykkar og huslydarne dykkar og koma hit til meg, so skal eg gjeva dykk det beste i Egyptarlandet, og de skal få eta av landsens feita.»
- 19 Seg du deim frå meg: «So skal de gjera: de skal taka med dykk vogner frå Egyptarlandet til borni og konorne dykkar og henta far dykkar og koma.
- 20 Og de skal ikkje kvida dykk, um de må fara ifrå husbunaden dykkar; for det beste i heile Egyptarland skal de få.»»
- 21 Og Israels-sønerne gjorde so. Og Josef gav deim vogner, som Farao hadde sagt, og gav deim nista med på vegen.
- 22 Og han gav deim alle kvar sin klædnad, men Benjamin gav han tri hundrad sylvdalar og fem klædnader.
- 23 Og sameleis sende han far sin ti asen, som bar av alt det beste som fanst i Egyptarland, og ti asenfyljor, som bar korn og brød og mat til far hans på ferdi.
- 24 So bad han farvel med brørne sine, og dei for av stad, og han sagde med deim: «De må ikkje verta usams på vegen!»
- 25 So tok dei ut frå Egyptarland, og kom heim att til Jakob, far sin, i Kana’ans-land.
- 26 Og dei bar fram bodet til honom og sagde: «Josef er endå i live, og han er jamvel styrar yver heile Egyptarland.» Men han var like kald i hjarta; for han trudde deim ikkje.
- 27 So sagde dei honom alt det Josef hadde sagt med deim, og han såg vognerne som Josef hadde sendt til å henta honom i. Då kvikna far deira i hugen:
- 28 «Å du store syn!» sagde Israel, «Josef, son min, er endå i live! Eg vil av og sjå honom, fyrr eg døyr.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗