이사야 33장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 24절
- 1 Usæl du tynar som ikkje sjølv hev vorte tynt, og du ransmann som ingen hev rana ifrå! Når du er ferdig med å tyna, skal du sjølv verta tynt; når du hev slutta med å rana, skal andre rana frå deg.
- 2 Herre, ver oss nådig! Etter deg biar me; ver armen vår kvar morgon, ja vår frelsa i nauds tid!
- 3 For torerøysti rømer folki; når du reiser deg, vert heidningarne spreidde.
- 4 Fengdi dykkar vert sanka, liksom skavaren sankar; liksom engsprettorne spring, spring dei etter det.
- 5 Upphøgd er Herren, for han bur i det høge; han fyller Sion med rett og rettferd.
- 6 Trygge tider skal koma for deg, ein fullnad av frelsa, av visdom og kunnskap; otte for Herren skal vera skatten åt det.
- 7 Høyr kjemporne deira skrik der ute, fredsbodi græt sårt.
- 8 Ålmannvegarne er aude, ferdafolk er der ’kje meir - han hev brote pakti, vanvyrdt byarne, ikkje vyrdt noko menneskje.
- 9 Landet folnar, visnar; Libanon stend skjemd, folnar burt; Saron er som den aude mark; og Basan og Karmel rister lauvet av seg.
- 10 No vil eg standa upp, segjer Herren, no vil eg reisa meg, no vil eg gjera meg høg.
- 11 De skal ganga umhender med strå og føda halm; dykkar frøsing er ein eld som skal øyda dykk.
- 12 Og folkeslag skal verta brende til kalk - avskoren klunger som vert uppbrend med eld.
- 13 Høyr, de som er langt undan, kva eg hev gjort, og de som er nær, kjenn min styrke!
- 14 Syndarar skjelv på Sion, skjelte hev teke dei vanheilage: «Kven kann bu ved ein øydande eld? Kven kann bu ved ævelege bål?»
- 15 Den som ferdast i rettferd og talar det som rett er, som ikkje vyrder urettferdig vinning, som held sine hender frå å taka mutor, stappar øyro att og vil ikkje høyra blodråd, og som let augo att og vil ikkje sjå på vondt,
- 16 han skal bu på høge stader, fjellborger er hans vern; brødet vert gjeve honom, vatnet tryt ikkje for honom.
- 17 Augo dine skal skoda kongen i hans fagerdom, dei skal sjå eit vidsveimt land.
- 18 Hjarta ditt skal minnast rædsla: «Kvar er han som skreiv upp? Kvar er han som vog pengarne? Kvar er han som talde tårni?»
- 19 Det ville folket skal du ikkje meir sjå, folket med det vande målet som ein ikkje kann skyna, med den stamande tunga som ein ikkje kann tyda.
- 20 Sjå på Sion, byen for våre høgtidsstemnor! Augo dine skal i Jerusalem sjå ein trygg bustad, eit fjell som ikkje vert flutt; pålarne vert æveleg ikkje upprykte, og ikkje ei av snorerne vert sundslitne.
- 21 Men der skal me hava ein veldug, Herren - i staden for breide åer og elvar; ingi rorskuta skal fara der, og ikkje noko veldugt langskip.
- 22 For Herren er domaren vår, Herren er vår lovgjerar, Herren er kongen vår, han skal frelsa oss.
- 23 Slakke heng togi dine, dei evlar ikkje stydja mastri, dei held ikkje seglet utspent - då vert herfang bytt i mengd, jamvel dei lame ranar ran.
- 24 Og ingen ibuar skal segja: «Eg er sjuk.» Folket som bur der, hev fenge si misgjerd forlati.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗