이사야 32장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 20절
- 1 Sjå, med rettferd skal kongen råda, og hovdingarne skal styra etter rett,
- 2 og kvar ein av deim skal vera som eit skyle for veret og ei livd mot sturtregn, som vatsbekkjer på ein turr stad, som skuggen av eit veldugt berg i eit uppturka land.
- 3 Då skal augo åt deim som ser ikkje vera blinde, og øyro åt deim som høyrer, skal vera grannhøyrde,
- 4 hjarto åt dei tankelause skal evla skyna, og tunga åt dei stame skal hava lett for å tala klårt.
- 5 Dåren skal ein ikkje meir kalla gjæv, og den innfule skal ein ikkje kalla hugstor.
- 6 For dåren talar dårskap, og hjarta hans finn på vondt; han gjer vanheilag gjerd, og talar forvende ting um Herren, han let den hungrige svelta og let den tyrste vanta drikka.
- 7 Og våpni åt den innfule er vonde; han tenkjer ut meinråder, til å føra dei spaklyndte i ulukka med falske ord, og det når den fatige talar det som rett er.
- 8 Men gjævingen hev gjæve tankar, og han stend fast ved det som gjævt er.
- 9 De sorglause kvinnor, statt upp og høyr det eg segjer! De trygge døtter, vend øyra dykkar til min tale!
- 10 Um år og dag skal de skjelva, de trygge! For det er ute med vinhausten, frukhausten kjem ikkje.
- 11 Vert forfærde, de sorglause; skjelv, de trygge! Klæd dykk og næk dykk, og umgyrd dykkar lender!
- 12 Dei slær seg for bringa yver dei fagre marker, yver det fruktrike vintreet,
- 13 yver jordi åt mitt folk, der tornar og tistlar skyt upp, ja, yver alle gledehus, den morogalne byen.
- 14 For borgi er tom, mugen i byen er burte. Haug og vakttårn hev vorte til holor for ævelege tider, til frygd for villasen, til beite for bølingar -
- 15 til dess åndi vert utrend yver oss frå det høge, og øydemarki vert til ein frukthage, og frukthagen vert rekna som skog.
- 16 Og rett skal bu i øydemarki, og rettferd skal hava sin heim i frukthagen.
- 17 Og rettferds verk skal vera fred, og rettferds frukt ro og tryggleik til æveleg tid.
- 18 Og folket mitt skal bu i freds bustad og i tryggleiks tjeld og på sorgfrie kvilestader.
- 19 Men det skal hagla når skogen fell, og djupt skal byen søkka ned.
- 20 Sæle er de som sår attved alle vatn, som let uksen og asnet vera på frifot!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗