이사야 21장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 17절
- 1 Framsegn um Hav-øydemarki. Som ein framfarande storm i Sudlandet kjem det frå øydemarki, frå det øgjelege landet.
- 2 Ei hard syn er meg kunngjord: «Ransmenner ranar, hermenner herjar. Drag upp, du Elam! Treng på, du Media! På kvar ein sukk vil eg gjera ende på.»
- 3 Difor skjelv mine lender, eg fær rider liksom ei kvinna som skal føda. Eg er fortumla so eg ikkje kann høyra, eg er forfælt so eg ikkje kann sjå.
- 4 Hjarta mitt er forvildra, rædsla vil kjøva meg. Kveldstundi som eg trådde etter, fyller meg med gruv.
- 5 Dei dukar bord, dei breider tæpet, dei et og drikk. «Statt upp, hovdingar, salva skjoldarne!»
- 6 For so sagde Herren til meg: Gakk og set ut vaktmannen; det han fær sjå, skal han melda.
- 7 Og um han ser ei skreid, ridarar par um par, ei skreid av asen, ei skreid av kamelar, so skal han merka seg det, grant merka seg det.
- 8 Og han ropa som ei løva: «Her stend eg på vakt so lang dagen er, og vert verande på min post natt etter natt.
- 9 Og sjå, no kjem her ei skreid av menner, ridarar par um par!» Og han tok til ords og sagde: «Falle, falle hev Babel! Alle avgudsbilæti deira hev han krasa og kasta til jordi.»
- 10 Å, du mitt treskte folk, du offer for treskjarvollen! Det eg hev høyrt av Herren, allhers drott, Israels Gud, det hev eg meldt dykk.
- 11 Framsegn um Duma. Dei ropar til meg frå Se’ir: «Vaktmann, kva lid det med natti? Vaktmann, kva lid det med natti?»
- 12 Vaktmannen svarar: «Morgonen kjem, men natti og. Vil de spyrja meir, so spør; kom att!»
- 13 Framsegn mot Arabia. I skogen i Arabia skal de natta, de ferdafylgje av dedanitar.
- 14 Kom dei tyrstande i møte med vatn, de folk frå Temalandet, kom dei rømande til hjelp med brød!
- 15 For dei flyr undan sverd, drege sverd, og undan spend boge og undan den tunge ufreden.
- 16 For soleis hev Herren sagt til meg: Um eit år, so som leigekaren reknar året, skal det vera ute med all herlegdomen åt Kedar.
- 17 Og lite skal det då vera att av bogarne åt kjemporne i Kedar. For Herren, Israels Gud, hev tala.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗