이사야 20장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 6절
- 1 Det året då Tartan kom til Asdod, den gongen Sargon, kongen i Assyria, sende honom, og han stridde mot Asdod og hertok det -
- 2 på den tidi tala Herren gjenom Jesaja, son åt Amos, soleis: «Upp, løys din klædnad av sekkjety av lenderne dine og drag skorne av føterne dine!» Og han gjorde soleis og gjekk naken og berrføtt.
- 3 Og Herren sagde: «Liksom tenaren min, Jesaja, hev gjenge naken og berrføtt, og no i tri år hev vore eit teikn og eit varsel um Egyptarland og Ætiopia,
- 4 soleis skal kongen i Assyria lata fangarne frå Egyptarland, dei burtførde frå Ætiopia, både unge og gamle, fara av stad nakne og berrføtte og med berr bak, til skjemsla for Egyptarland.
- 5 Då skal dei verta forfælte og skjemmast yver Ætiopia, som var voni deira, og yver Egyptarland, som dei rosa seg av.
- 6 Og dei som bur på denne strandi, skal segja på den dagen: «Soleis gjekk det med deim me studde oss til, med deim me flydde til i von um hjelp imot assyrarkongen. Korleis kann då me koma undan?»»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗