이사야 13장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 22절
- 1 Framsegn um Babel, som Jesaja, son åt Amos, skoda.
- 2 Reis eit merke på skoglaust fjell, ropa høgt til deim, veifta med handi, at dei må koma og draga inn gjenom portarne åt valdsherrarne.
- 3 Eg hev bode ut dei vigde mennerne mine, ja, til å føra fram min vreide hev eg kalla kjemporne mine, dei sigerbyrge, jublande skarar.
- 4 Høyr, bråk på fjelli som av eit stort folk! Høyr gnyen av kongerike, av folk som strøymer i hop! Herren, allhers drott, mynstrar stridsheren sin.
- 5 Ifrå land langt burte kjem dei, frå himmelens ende, Herren og hans vreide-verkty, og vil herja heile jordi.
- 6 Jamra dykk! for Herrens dag er nær; han kjem som vald frå Allvald.
- 7 Difor sig alle hender, og alle mannshjarto brånar i barmen.
- 8 Dei skjelv, verk og ve tek deim, dei vrid seg som ei fødande kvinna. Vitskræmde stirer dei på kvarandre, raude som eldslogar er dei i andlitet.
- 9 Sjå, Herrens dag kjem gruveleg, full av vreide og brennande harm, og skal gjera jordi til ei øydemark, og rydja ut syndarane hennar.
- 10 For stjernorne og stjernebilæti på himmelen let ikkje ljoset sitt skina, myrk er soli når ho renn, og månen let ikkje ljoset sitt stråla.
- 11 Eg vil heimsøkja jordi for vondskapen og dei gudlause for deira misgjerningar, eg vil gjera ende på storlætet åt dei ovmodige og døyva byrgskapen hjå valdsherrarne.
- 12 Eg skal gjera folk meir sjeldsynte enn fint gull, menneskje meir sjeldsynte enn gull frå Ofir.
- 13 Difor vil eg skaka himmelen, og jordi skal fara bivrande upp frå sin stad ved harmen åt Herren, allhers drott, på den dagen vreiden hans brenn.
- 14 Som skræmde gasellor, som sauer som ingen sankar, skal dei snu heim, kvar til sitt folk, og fly kvar til sitt land.
- 15 Kvar den som vert funnen, vert gjenomstungen, og kvar den som vert gripen, skal falla for sverd.
- 16 Småborni deira skal krasast framfor augo deira; husi deira skal verta herja og kvinnorne deira valdtekne.
- 17 Sjå, eg eggjar mot deim medarane, som ikkje bryr seg um sylv eller trår etter gull.
- 18 Bogarne deira skal fella gutarne; med livsfrukt hev dei ingen medynk, borni sparer dei ikkje.
- 19 Og med Babel, kruna millom riki, den stolte kaldæar-pryda, skal det ganga som då Gud lagde Sodoma og Gomorra i øyde.
- 20 Aldri meir skal det byggjast att; frå ætt til ætt skal ingen bu der; ingen arab skal slå upp sitt tjeld, og ingen hyrding lægra seg der med si hjord.
- 21 Men villdyr skal liggja der, og husi fyllast av hubro; strutsar skal bu der, og raggetroll hoppa ikring.
- 22 Ulvar skal yla i borgerne og sjakalar i vellyst-slotti. Snart stundar timen til, og dagarne skal ikkje drygast ut.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗