이사야 12장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 6절
- 1 På den dagen skal du segja: «Eg takkar deg, Herre, for du var vreid på meg, men vreiden din kvarv, og du trøysta meg!
- 2 Sjå, Gud er mi frelsa, eg er trygg og ottast ikkje; for Herren, Herren er min styrke og min lovsong, og han vart meg til frelsa.»
- 3 Og med fagnad skal de ausa vatn or frelse-kjeldorne!
- 4 Og de skal segja på den dagen: «Takka Herren, kalla på hans namn, kunngjer bland folki hans verk, fortel at hans namn er høgt!
- 5 Syng lov for Herren, for storverk hev han gjort! Lat heile verdi få vita det!
- 6 Ropa av frygd og fagnad, de som bur på Sion! For stor er Israels Heilage hjå dykk!»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗