요한일서 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한일서 (1 John) · 21절
- 1 Mine kjære! tru ikkje på kvar ei ånd, men prøv ånderne, um dei er av Gud! for det er mange falske profetar gjengne ut i verdi.
- 2 På det kjenner de Guds Ande: kvar ei ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt, er av Gud;
- 3 og kvar ei ånd som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt, er ikkje av Gud; og dette er åndi til Antikrist, som de hev høyrt um at ho kjem, og ho er alt no i verdi.
- 4 Born, de er av Gud og hev sigra yver deim; for han som er i dykk, er større enn han som er i verdi.
- 5 Dei er av verdi; difor talar dei av verdi, og verdi høyrer deim.
- 6 Me er av Gud; den som kjenner Gud, høyrer oss; den som ikkje er av Gud, høyrer oss ikkje. På dette kjenner me sannings-åndi og villfarings-åndi.
- 7 Mine kjære, lat oss elska kvarandre! for kjærleiken er av Gud, og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.
- 8 Den som ikkje elskar, kjenner ikkje Gud; for Gud er kjærleik.
- 9 I det er Guds kjærleik openberra millom oss, at Gud hev sendt son sin, den einborne, til verdi, so me skal liva ved honom.
- 10 I dette er kjærleiken, ikkje at me hev elska Gud, men at han hev elska oss og sendt son sin til soning for synderne våre.
- 11 Mine kjære! hev Gud elska oss soleis, so er me og skuldige til å elska kvarandre.
- 12 Ingen hev noko sinn set Gud; elskar me kvarandre, so vert Gud verande i oss, og kjærleiken til honom hev vorte fullkomen i oss.
- 13 På dette kjenner me at me er i honom og han i oss, at han hev gjeve oss av sin Ande.
- 14 Og me hev set og vitnar at Faderen hev sendt son sin til frelsar for verdi.
- 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i honom vert Gud verande, og han i Gud.
- 16 Og me hev lært å kjenna og trutt på den kjærleiken Gud hev til oss. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud, og Gud i honom.
- 17 I dette hev kjærleiken vorte fullkomen hjå oss, at me hev fritt mod på domedag; for liksom han er, so er me og i denne verdi.
- 18 Otte er ikkje i kjærleiken, men den fullkomne kjærleiken driv otten ut; for otten hev straffi i seg; men den som ottast, er ikkje fullkomen i kjærleiken.
- 19 Me elskar av di han elska oss fyrst.
- 20 Dersom nokon segjer: «Eg elskar Gud», og han hatar bror sin, han er ein ljugar; for den som ikkje elskar bror sin som han hev set, kor kann han elska Gud, som han ikkje hev set?
- 21 Og dette bodet hev me frå honom, at den som elskar Gud, han skal og elska bror sin.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗