요한일서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한일서 (1 John) · 24절
- 1 Sjå, kor stor kjærleik Faderen hev synt oss, at me skal kallast Guds born; og det er me. Difor kjenner ikkje verdi oss, av di ho ikkje kjenner honom.
- 2 Mine kjære! No er me Guds born, og det er ikkje endå openberra kva me skal verta; me veit at når han vert openberra, då skal me verta honom like; for me skal sjå honom som han er.
- 3 Og kvar den som hev denne voni til honom, han reinsar seg sjølv, liksom han er rein.
- 4 Kvar den som gjer synd, han gjer og lovbrot, og syndi er lovbrot.
- 5 Og de veit at han er openberra til å taka burt synderne, og det finst ikkje synd i honom.
- 6 Kvar den som vert verande i honom, syndar ikkje; kvar den som syndar, han hev ikkje set honom og ikkje kjent honom.
- 7 Born, lat ingen dåra dykk! den som gjer rettferd, er rettferdig, liksom han er rettferdig.
- 8 Den som gjer synd, er av djevelen; for djevelen syndar frå upphavet. Til det er Guds son openberra, at han skal gjera ende på djevelens verk.
- 9 Kvar den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd; for hans sæde vert verande i honom, og han kann ikkje synda; for han er fødd av Gud.
- 10 På det kann ein kjenna Guds born og djevelens born: kvar den som ikkje gjer rettferd, er ikkje av Gud, og ikkje den heller som ikkje elskar bror sin.
- 11 For dette er den bodskapen som de høyrde frå upphavet, at me skal elska kvarandre;
- 12 ikkje som Kain, som var av den vonde og drap bror sin. Og kvi drap han honom? Av di hans gjerningar var vonde, men hans brors gjerningar rettferdige.
- 13 Undra dykk ikkje, mine brør, um verdi hatar dykk!
- 14 Me veit at me er gjengne yver frå dauden til livet, for me elskar brørne; den som ikkje elskar, vert verande i dauden.
- 15 Kvar den som hatar bror sin, er ein manndråpar; og de veit at ingen manndråpar hev ævelegt liv verande i seg.
- 16 På det hev me lært å kjenna kjærleiken, at han sette livet til for oss; me er og skuldige til å setja livet til for brørne.
- 17 Men den som hev gods i denne verdi og ser bror sin hava trong og let hjarta sitt att for honom, kor kann då kjærleiken til Gud vera i honom!
- 18 Mine born, lat oss ikkje elska med ord eller med tunga, men i gjerning og sanning!
- 19 Og på dette skal me skyna at me er av sanningi, og so skal me roa hjarto våre for hans åsyn.
- 20 For um enn hjarta fordømer oss, so er Gud større enn hjarta vårt og kjenner alle ting.
- 21 Mine kjære! dersom hjarta ikkje fordømer oss, so hev me fritt mod for Gud,
- 22 og det som me bed um, fær me av honom; for me held hans bod og gjer det som er honom til hugnad.
- 23 Og dette er hans bod, at me skal tru på hans son Jesus Kristi namn og elska kvarandre, so som han baud oss.
- 24 Og den som held hans bod, han vert verande i honom og han i honom; og på dette veit me at han vert verande i oss, av den Ande som han hev gjeve oss.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗