요한삼서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한삼서 (3 John) · 14절
- 1 Den eldste til den kjære Gaius, som eg elskar i sanning.
- 2 Kjære ven! Eg ynskjer at du i alle måtar må liva vel og hava helsa, liksom di sjæl liver vel.
- 3 For eg vart mykje glad då det kom nokre brør og vitna um di sanning, korleis du ferdast i sanning.
- 4 Eg hev ingi større gleda enn det, at eg høyrer mine born ferdast i sanningi.
- 5 Kjære ven, du gjer ei trufast gjerning med det du gjer mot brørne, og det jamvel mot dei framande,
- 6 og dei hev vitna for kyrkjelyden um din kjærleik. Du gjer vel um du hjelper deim i veg, som det er sømelegt for Gud.
- 7 For det er for hans namn skuld dei er gjengne ut, og dei tek ikkje imot noko av heidningarne.
- 8 Me er då skuldige til å taka imot slike, so me kann verta medarbeidarar for sanningi.
- 9 Eg hev skrive til kyrkjelyden; men Diotrefes, som gjerne vil vera fyrstemannen millom deim, tek ikkje imot oss.
- 10 Difor vil eg, når eg kjem, minna um dei gjerningar som han gjer, med di han baktalar oss med vonde ord; og ikkje nøgd med det, tek han ikkje sjølv imot brørne, og deim som det vil, hindrar han og støyter deim ut or kyrkjelyden.
- 11 Kjære, gjer ikkje etter det vonde, men etter det gode! den som gjer godt, er av Gud; den som gjer vondt, hev ikkje set Gud.
- 12 Demetrius hev godt lov av alle og av sjølve sanningi; ogso me gjev honom godt vitnemål, og du veit at vårt vitnemål er sant.
- 13 Eg hadde mangt å skriva til deg, men eg vil ikkje skriva til deg med blekk og penn.
- 14 Men eg vonar å få sjå deg snart, og då skal me talast ved munn til munn. Fred vere med deg! Venerne helsar deg. Helsa venerne med namn!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗