요한복음 8장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 59절
- 1 Jesus gjekk til Oljeberget.
- 2 Andre morgonen var han atter i templet; alt folket kom til honom, og han sette seg og lærde deim.
- 3 Då kjem dei skriftlærde og farisæarane med ei kona som var teki i egteskapsbrot; dei stelte henne midt framfyre honom
- 4 og sagde: «Meister, denne kona hev dei kome yver med ho gjorde hor.
- 5 Moses hev sagt oss fyre i lovi at slike kvinnor skal steinast; kva segjer no du?»
- 6 Det sagde dei av di dei vilde freista honom, so dei kunde hava noko å klaga honom for. Jesus lutte seg ned og skreiv med fingeren på marki.
- 7 Då dei heldt på og spurde, rette han seg upp og sagde: «Lat den av dykk som er syndelaus kasta den fyrste steinen på henne!»
- 8 So lutte han seg ned att, og skreiv på marki.
- 9 Men då dei høyrde det, gjekk dei burt, ein etter ein - dei eldste fyrst - so Jesus vart åleine att med kona som stod der.
- 10 Då rette han seg upp og sagde til henne: «Kvar er dei, kona? Hev ingen felt domen yver deg?»
- 11 «Ingen, Herre,» svara ho. «So dømer ikkje eg deg heller,» sagde Jesus: «Gakk heim, og synda ikkje meir!»
- 12 So tala Jesus atter til deim og sagde: «Eg er ljoset åt verdi. Den som fylgjer meg, skal ikkje ganga i myrkret, men hava livsens ljos.»
- 13 Då sagde farisæarane til honom: «Du vitnar um deg sjølv; vitnemålet ditt sæter ikkje.»
- 14 Jesus svara deim so: «Um eg so vitnar um meg sjølv, so er vitnemålet mitt sant; for eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg fer av, men de veit ikkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg fer av.
- 15 De dømer etter kjøtet, eg dømer ingen;
- 16 men endå um eg dømer, so er domen min rett, for eg er ikkje einsleg, men eg og han som sende meg, er saman.
- 17 Og i dykkar eigi lov stend skrive at tvo manns vitnemål sæter.
- 18 Her er det eg som vitnar um meg sjølv, og Faderen, som sende meg, vitnar um meg.»
- 19 «Kvar er far din?» sagde dei då. Jesus svara: «De kjenner korkje meg eller far min; kjende de meg, so kjende de far min og.»
- 20 Desse ordi tala Jesus innmed tempelkista, med han lærde i heilagdomen, og ingen lagde hand på honom; for tidi hans var endå ikkje komi.
- 21 Ein annan gong sagde han til deim: «Eg gjeng burt, og de kjem til å leita etter meg, og de skal døy i syndi dykkar; dit som eg gjeng, kann ikkje de koma.»
- 22 «Tru han vil drepa seg sjølv?» sagde jødarne, «sidan han segjer: «Dit som eg gjeng, kann ikkje de koma?»»
- 23 Då sagde han til deim: «De er nedantil, eg er ovantil; de er frå denne verdi, eg er ikkje frå denne verdi;
- 24 difor sagde eg dykk at de skal døy i synderne dykkar; når de ikkje trur at eg er den eg er, so skal de døy i synderne dykkar.»
- 25 «Kven er du?» sagde dei då. «Kvi let eg ’kje heller reint vera å tala til dykk?» svara Jesus.
- 26 «Mykje hev eg å segja og døma um dykk; men han som sende meg, er sannordig, og eg talar ikkje anna til verdi enn det eg hev høyrt av honom.»
- 27 Dei skyna ikkje at det var Faderen han tala til deim um.
- 28 Difor sagde Jesus: «Når de fær lyft Menneskjesonen upp i høgdi, då skal de skyna at eg er den eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar dette soleis som Far min lærde meg det.
- 29 Og han som sende meg, er med meg; han let meg ikkje vera åleine; for eg gjer allstødt det som tekkjest honom.»
- 30 Då han tala so, trudde mange på honom.
- 31 So sagde Jesus til dei jødarne som trudde på honom: «Vert de verande i mitt ord, so er de rette læresveinarne mine,
- 32 og de skal læra å kjenna sanningi, og sanningi skal gjera dykk frie.»
- 33 «Me er Abrahams ætt,» lagde dei imot, «og hev aldri vore trælar for nokon; korleis hev det seg at du segjer: «De skal verta frie?»»
- 34 Jesus svara: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Kvar den som gjer synd, er træl åt syndi.
- 35 Men trælen vert ikkje verande i huset for all tid - sonen vert verande der for all tid.
- 36 Fær no Sonen frigjort dykk, so vert de retteleg frie.
- 37 Eg veit at de er Abrahams ætt; men de tenkjer på å drepa meg, av di ordet mitt ikkje fær rom hjå dykk.
- 38 Eg talar um det eg hev set hjå far min, og soleis gjer de det som de hev høyrt av far dykkar.»
- 39 «Vår far er Abraham,» svara dei. Jesus segjer: «Var de Abrahams born, so gjorde de som Abraham gjorde;
- 40 men no sit de um og vil drepe meg, ein mann som hev tala til dykk um sanningi, som eg hev høyrt av Gud. Slikt gjorde ikkje Abraham.
- 41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Me er ikkje fødde i hor,» sagde dei; «me hev ein far, Gud!»
- 42 Jesus sagde til deim: Var Gud far dykkar, so hadde de meg kjær; for eg hev gjenge ut frå Gud, og er komen frå honom; ikkje heller er eg komen av meg sjølv; det er han som hev sendt meg.
- 43 «Kvi skynar de ikkje min tale? Av di de ikkje toler å høyra ordi mine!
- 44 De hev djevelen til far, og det de vil, er å gjera det far dykkar hugast; han var ein manndråpar frå fyrste tid, og hev ’kje sitt støde i sanningi; for det finst ikkje sanning i honom. Når han talar lygn, talar han av sitt eige; for han er ein ljugar og far åt lygni.
- 45 Men av eg talar sanningi, trur det meg ikkje.
- 46 Kven av dykk kann segja meg saka i nokor synd? Men når eg talar sanning, kvi trur de meg ikkje?
- 47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord; de er ikkje av Gud, difor er det de ikkje høyrer.»
- 48 Då tok jødarne til ords og sagde til honom: «Er det ’kje sant som me segjer at du er ein samaritan, og er forgjord?»
- 49 Jesus svara: «Eg er ikkje forgjord; eg ærar Far min, og de vanærar meg.
- 50 Men eg søkjer ikkje mi eigi æra, det er ein som søkjer henne, og dømer.
- 51 Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva sjå dauden.»
- 52 «No veit me at du er forgjord,» sagde jødarne. «Abraham hev døytt, og profetarne og, og du segjer: «Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva smaka dauden.»
- 53 Er då du større enn Abraham, ættfaren vår? han døydde, og profetarne døydde! Kven gjer du deg sjølv til?»
- 54 Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, so er æra mi ingen ting; det er Far min som ærar meg; de segjer han er dykkar Gud,
- 55 men de hev ikkje kjent honom, men eg kjenner honom; sagde eg at eg ikkje kjenner honom, so var eg ein ljugar som de! Men eg kjenner honom og held meg etter hans ord.
- 56 Abraham, ættfaren dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag; og han såg honom og var fegen.»
- 57 «Du er endå ikkje femti år,» sagde jødarne, «og so hev du set Abraham!»
- 58 Jesus sagde til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Fyrr Abraham vart til, er eg til.»
- 59 Då tok dei upp steinar og vilde kasta på honom; men Jesus løynde seg og gjekk ut or templet.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗