요한복음 8장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 59절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Jesus gjekk til Oljeberget. | Jesus went unto the mount of Olives. |
| 2 | Andre morgonen var han atter i templet; alt folket kom til honom, og han sette seg og lærde deim. | And early in the morning he came again into the temple, and all the people came unto him; and he sat down, and taught them. |
| 3 | Då kjem dei skriftlærde og farisæarane med ei kona som var teki i egteskapsbrot; dei stelte henne midt framfyre honom | And the scribes and Pharisees brought unto him a woman taken in adultery; and when they had set her in the midst, |
| 4 | og sagde: «Meister, denne kona hev dei kome yver med ho gjorde hor. | They say unto him, Master, this woman was taken in adultery, in the very act. |
| 5 | Moses hev sagt oss fyre i lovi at slike kvinnor skal steinast; kva segjer no du?» | Now Moses in the law commanded us, that such should be stoned: but what sayest thou? |
| 6 | Det sagde dei av di dei vilde freista honom, so dei kunde hava noko å klaga honom for. Jesus lutte seg ned og skreiv med fingeren på marki. | This they said, tempting him, that they might have to accuse him. But Jesus stooped down, and with his finger wrote on the ground, as though he heard them not. |
| 7 | Då dei heldt på og spurde, rette han seg upp og sagde: «Lat den av dykk som er syndelaus kasta den fyrste steinen på henne!» | So when they continued asking him, he lifted up himself, and said unto them, He that is without sin among you, let him first cast a stone at her. |
| 8 | So lutte han seg ned att, og skreiv på marki. | And again he stooped down, and wrote on the ground. |
| 9 | Men då dei høyrde det, gjekk dei burt, ein etter ein - dei eldste fyrst - so Jesus vart åleine att med kona som stod der. | And they which heard it, being convicted by their own conscience, went out one by one, beginning at the eldest, even unto the last: and Jesus was left alone, and the woman standing in the midst. |
| 10 | Då rette han seg upp og sagde til henne: «Kvar er dei, kona? Hev ingen felt domen yver deg?» | When Jesus had lifted up himself, and saw none but the woman, he said unto her, Woman, where are those thine accusers? hath no man condemned thee? |
| 11 | «Ingen, Herre,» svara ho. «So dømer ikkje eg deg heller,» sagde Jesus: «Gakk heim, og synda ikkje meir!» | She said, No man, Lord. And Jesus said unto her, Neither do I condemn thee: go, and sin no more. |
| 12 | So tala Jesus atter til deim og sagde: «Eg er ljoset åt verdi. Den som fylgjer meg, skal ikkje ganga i myrkret, men hava livsens ljos.» | Then spake Jesus again unto them, saying, I am the light of the world: he that followeth me shall not walk in darkness, but shall have the light of life. |
| 13 | Då sagde farisæarane til honom: «Du vitnar um deg sjølv; vitnemålet ditt sæter ikkje.» | The Pharisees therefore said unto him, Thou bearest record of thyself; thy record is not true. |
| 14 | Jesus svara deim so: «Um eg so vitnar um meg sjølv, so er vitnemålet mitt sant; for eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg fer av, men de veit ikkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg fer av. | Jesus answered and said unto them, Though I bear record of myself, yet my record is true: for I know whence I came, and whither I go; but ye cannot tell whence I come, and whither I go. |
| 15 | De dømer etter kjøtet, eg dømer ingen; | Ye judge after the flesh; I judge no man. |
| 16 | men endå um eg dømer, so er domen min rett, for eg er ikkje einsleg, men eg og han som sende meg, er saman. | And yet if I judge, my judgment is true: for I am not alone, but I and the Father that sent me. |
| 17 | Og i dykkar eigi lov stend skrive at tvo manns vitnemål sæter. | It is also written in your law, that the testimony of two men is true. |
| 18 | Her er det eg som vitnar um meg sjølv, og Faderen, som sende meg, vitnar um meg.» | I am one that bear witness of myself, and the Father that sent me beareth witness of me. |
| 19 | «Kvar er far din?» sagde dei då. Jesus svara: «De kjenner korkje meg eller far min; kjende de meg, so kjende de far min og.» | Then said they unto him, Where is thy Father? Jesus answered, Ye neither know me, nor my Father: if ye had known me, ye should have known my Father also. |
| 20 | Desse ordi tala Jesus innmed tempelkista, med han lærde i heilagdomen, og ingen lagde hand på honom; for tidi hans var endå ikkje komi. | These words spake Jesus in the treasury, as he taught in the temple: and no man laid hands on him; for his hour was not yet come. |
| 21 | Ein annan gong sagde han til deim: «Eg gjeng burt, og de kjem til å leita etter meg, og de skal døy i syndi dykkar; dit som eg gjeng, kann ikkje de koma.» | Then said Jesus again unto them, I go my way, and ye shall seek me, and shall die in your sins: whither I go, ye cannot come. |
| 22 | «Tru han vil drepa seg sjølv?» sagde jødarne, «sidan han segjer: «Dit som eg gjeng, kann ikkje de koma?»» | Then said the Jews, Will he kill himself? because he saith, Whither I go, ye cannot come. |
| 23 | Då sagde han til deim: «De er nedantil, eg er ovantil; de er frå denne verdi, eg er ikkje frå denne verdi; | And he said unto them, Ye are from beneath; I am from above: ye are of this world; I am not of this world. |
| 24 | difor sagde eg dykk at de skal døy i synderne dykkar; når de ikkje trur at eg er den eg er, so skal de døy i synderne dykkar.» | I said therefore unto you, that ye shall die in your sins: for if ye believe not that I am he, ye shall die in your sins. |
| 25 | «Kven er du?» sagde dei då. «Kvi let eg ’kje heller reint vera å tala til dykk?» svara Jesus. | Then said they unto him, Who art thou? And Jesus saith unto them, Even the same that I said unto you from the beginning. |
| 26 | «Mykje hev eg å segja og døma um dykk; men han som sende meg, er sannordig, og eg talar ikkje anna til verdi enn det eg hev høyrt av honom.» | I have many things to say and to judge of you: but he that sent me is true; and I speak to the world those things which I have heard of him. |
| 27 | Dei skyna ikkje at det var Faderen han tala til deim um. | They understood not that he spake to them of the Father. |
| 28 | Difor sagde Jesus: «Når de fær lyft Menneskjesonen upp i høgdi, då skal de skyna at eg er den eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar dette soleis som Far min lærde meg det. | Then said Jesus unto them, When ye have lifted up the Son of man, then shall ye know that I am he, and that I do nothing of myself; but as my Father hath taught me, I speak these things. |
| 29 | Og han som sende meg, er med meg; han let meg ikkje vera åleine; for eg gjer allstødt det som tekkjest honom.» | And he that sent me is with me: the Father hath not left me alone; for I do always those things that please him. |
| 30 | Då han tala so, trudde mange på honom. | As he spake these words, many believed on him. |
| 31 | So sagde Jesus til dei jødarne som trudde på honom: «Vert de verande i mitt ord, so er de rette læresveinarne mine, | Then said Jesus to those Jews which believed on him, If ye continue in my word, then are ye my disciples indeed; |
| 32 | og de skal læra å kjenna sanningi, og sanningi skal gjera dykk frie.» | And ye shall know the truth, and the truth shall make you free. |
| 33 | «Me er Abrahams ætt,» lagde dei imot, «og hev aldri vore trælar for nokon; korleis hev det seg at du segjer: «De skal verta frie?»» | They answered him, We be Abraham’s seed, and were never in bondage to any man: how sayest thou, Ye shall be made free? |
| 34 | Jesus svara: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Kvar den som gjer synd, er træl åt syndi. | Jesus answered them, Verily, verily, I say unto you, Whosoever committeth sin is the servant of sin. |
| 35 | Men trælen vert ikkje verande i huset for all tid - sonen vert verande der for all tid. | And the servant abideth not in the house for ever: but the Son abideth ever. |
| 36 | Fær no Sonen frigjort dykk, so vert de retteleg frie. | If the Son therefore shall make you free, ye shall be free indeed. |
| 37 | Eg veit at de er Abrahams ætt; men de tenkjer på å drepa meg, av di ordet mitt ikkje fær rom hjå dykk. | I know that ye are Abraham’s seed; but ye seek to kill me, because my word hath no place in you. |
| 38 | Eg talar um det eg hev set hjå far min, og soleis gjer de det som de hev høyrt av far dykkar.» | I speak that which I have seen with my Father: and ye do that which ye have seen with your father. |
| 39 | «Vår far er Abraham,» svara dei. Jesus segjer: «Var de Abrahams born, so gjorde de som Abraham gjorde; | They answered and said unto him, Abraham is our father. Jesus saith unto them, If ye were Abraham’s children, ye would do the works of Abraham. |
| 40 | men no sit de um og vil drepe meg, ein mann som hev tala til dykk um sanningi, som eg hev høyrt av Gud. Slikt gjorde ikkje Abraham. | But now ye seek to kill me, a man that hath told you the truth, which I have heard of God: this did not Abraham. |
| 41 | De gjer som far dykkar gjorde.» «Me er ikkje fødde i hor,» sagde dei; «me hev ein far, Gud!» | Ye do the deeds of your father. Then said they to him, We be not born of fornication; we have one Father, even God. |
| 42 | Jesus sagde til deim: Var Gud far dykkar, so hadde de meg kjær; for eg hev gjenge ut frå Gud, og er komen frå honom; ikkje heller er eg komen av meg sjølv; det er han som hev sendt meg. | Jesus said unto them, If God were your Father, ye would love me: for I proceeded forth and came from God; neither came I of myself, but he sent me. |
| 43 | «Kvi skynar de ikkje min tale? Av di de ikkje toler å høyra ordi mine! | Why do ye not understand my speech? even because ye cannot hear my word. |
| 44 | De hev djevelen til far, og det de vil, er å gjera det far dykkar hugast; han var ein manndråpar frå fyrste tid, og hev ’kje sitt støde i sanningi; for det finst ikkje sanning i honom. Når han talar lygn, talar han av sitt eige; for han er ein ljugar og far åt lygni. | Ye are of your father the devil, and the lusts of your father ye will do. He was a murderer from the beginning, and abode not in the truth, because there is no truth in him. When he speaketh a lie, he speaketh of his own: for he is a liar, and the father of it. |
| 45 | Men av eg talar sanningi, trur det meg ikkje. | And because I tell you the truth, ye believe me not. |
| 46 | Kven av dykk kann segja meg saka i nokor synd? Men når eg talar sanning, kvi trur de meg ikkje? | Which of you convinceth me of sin? And if I say the truth, why do ye not believe me? |
| 47 | Den som er av Gud, høyrer Guds ord; de er ikkje av Gud, difor er det de ikkje høyrer.» | He that is of God heareth God’s words: ye therefore hear them not, because ye are not of God. |
| 48 | Då tok jødarne til ords og sagde til honom: «Er det ’kje sant som me segjer at du er ein samaritan, og er forgjord?» | Then answered the Jews, and said unto him, Say we not well that thou art a Samaritan, and hast a devil? |
| 49 | Jesus svara: «Eg er ikkje forgjord; eg ærar Far min, og de vanærar meg. | Jesus answered, I have not a devil; but I honour my Father, and ye do dishonour me. |
| 50 | Men eg søkjer ikkje mi eigi æra, det er ein som søkjer henne, og dømer. | And I seek not mine own glory: there is one that seeketh and judgeth. |
| 51 | Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva sjå dauden.» | Verily, verily, I say unto you, If a man keep my saying, he shall never see death. |
| 52 | «No veit me at du er forgjord,» sagde jødarne. «Abraham hev døytt, og profetarne og, og du segjer: «Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva smaka dauden.» | Then said the Jews unto him, Now we know that thou hast a devil. Abraham is dead, and the prophets; and thou sayest, If a man keep my saying, he shall never taste of death. |
| 53 | Er då du større enn Abraham, ættfaren vår? han døydde, og profetarne døydde! Kven gjer du deg sjølv til?» | Art thou greater than our father Abraham, which is dead? and the prophets are dead: whom makest thou thyself? |
| 54 | Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, so er æra mi ingen ting; det er Far min som ærar meg; de segjer han er dykkar Gud, | Jesus answered, If I honour myself, my honour is nothing: it is my Father that honoureth me; of whom ye say, that he is your God: |
| 55 | men de hev ikkje kjent honom, men eg kjenner honom; sagde eg at eg ikkje kjenner honom, so var eg ein ljugar som de! Men eg kjenner honom og held meg etter hans ord. | Yet ye have not known him; but I know him: and if I should say, I know him not, I shall be a liar like unto you: but I know him, and keep his saying. |
| 56 | Abraham, ættfaren dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag; og han såg honom og var fegen.» | Your father Abraham rejoiced to see my day: and he saw it, and was glad. |
| 57 | «Du er endå ikkje femti år,» sagde jødarne, «og so hev du set Abraham!» | Then said the Jews unto him, Thou art not yet fifty years old, and hast thou seen Abraham? |
| 58 | Jesus sagde til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Fyrr Abraham vart til, er eg til.» | Jesus said unto them, Verily, verily, I say unto you, Before Abraham was, I am. |
| 59 | Då tok dei upp steinar og vilde kasta på honom; men Jesus løynde seg og gjekk ut or templet. | Then took they up stones to cast at him: but Jesus hid himself, and went out of the temple, going through the midst of them, and so passed by. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL