요한계시록 9장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한계시록 (Revelation) · 21절
- 1 Og den femte engelen bles. Og eg såg eg ei stjerna som hadde falle frå himmelen ned på jordi, og ho fekk lykelen til avgrunnsbrunnen.
- 2 Og ho opna avgrunnsbrunnen, og ein røyk steig upp or brunnen, lik røyken av ein stor omn, og soli og lufti vart myrkte av røyken frå brunnen.
- 3 Og or røyken kom grashoppar ut på jordi, og det vart gjeve deim magt, slik som skorpionarne på jordi hev,
- 4 og det vart sagt deim at dei ikkje måtte skada graset på jordi eller noko grønt eller noko tre, men berre dei menneskje som ikkje hadde Guds innsigle på pannorne.
- 5 Og det vart gjeve deim at dei ikkje skulde drepa deim, men pina deim i fem månader; og pinsla av deim var som pinsla av ein skorpion når han sting eit menneskje.
- 6 Og i dei dagar skal folk søkja dauden og ikkje finna honom, og stunda etter å døy, og dauden skal fly frå deim.
- 7 Og grashopparne såg ut som hestar, tilbudde til strid; og på hovudi deira var det liksom krunor av gull, og andliti deira var som menneskjeandlit.
- 8 Og dei hadde hår som kvendehår, og tennerne deira var som løvetenner.
- 9 Og dei hadde brynjor liksom jarnbrynjor, og ljoden av vengjerne deira var som ljod av vogner når mange hestar renner til strid.
- 10 Og dei hadde stertar liksom skorpionar, og det var broddar i stertarne deira, og dei hadde magt til å skada menneski fem månader.
- 11 Til konge yver seg hev dei avgrunnsengelen, hans namn er på hebraisk Abaddon, og på gresk hev han namnet Apollyon.
- 12 Det fyrste usæle er yverstade; sjå, det kjem tvo usæle etter dette!
- 13 Og den sette engelen bles. Og eg høyrde ei røyst frå dei fire horni på det gullaltaret som stod framfor Gud,
- 14 og ho sagde til den sette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englarne som er bundne ved den store elvi Eufrat!»
- 15 Og dei fire englarne vart løyste, dei som hadde vore ferdige på timen og dagen og månaden og året til å drepa tridjeparten av menneski.
- 16 Og talet på herarne av hestfolk var tvo gonger ti tusund gonger ti tusund; eg høyrde talet på deim.
- 17 Og soleis såg eg i syni hestarne og deim som sat på deim: dei hadde eldraude og myrkraude og svåvelgule brynjor; og hovudi på hestarne var som løvehovud, og or munnarne deira fer det ut eld og røyk og svåvel.
- 18 Av desse tri: elden og røyken og svåvelet, som for ut or munnarne deira, vart tridjeparten av menneski drepen.
- 19 For magti åt hestarne ligg i munnen deira og halen deira, for halarne deira er som ormar og hev hovud, og med deim gjer dei skade.
- 20 Og dei andre menneskje, som ikkje vart drepne i desse plågorne, vende ikkje um frå dei verki deira hender hadde gjort, so dei heldt upp med å tilbeda dei vonde ånder og avgudarne av gull og av sylv og av kopar og av stein og av tre, som korkje kann sjå eller høyra eller ganga.
- 21 Og dei vende ikkje um frå mordgjerningarne sine eller frå trolldomskunsterne sine eller frå hordomen sin eller frå tjuvskapen sin.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗