로그인

요한계시록 10장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한계시록 (Revelation) · 11절

  1. 1 Og eg såg ein annan veldug engel stiga ned frå himmelen, sveipt i ei sky, og regnbogen var yver hovudet hans, og hans åsyn var som soli, og føterne hans som eldstolpar.
  2. 2 Og han hadde i handi ei liti opna bok, og han sette sin høgre fot på havet og den vinstre på jordi.
  3. 3 Og han ropa med høg røyst, som ei løva burar, og då han hadde ropa, tala dei sju toredunar med sine røyster.
  4. 4 Og då dei sju toredunar hadde tala med sine røyster, vilde eg til å skriva; og eg høyrde ei røyst frå himmelen som sagde til meg: «Set innsigle for det som dei sju toredunar tala, og skriv det ikkje upp!»
  5. 5 Og engelen, som eg såg standa på havet og på jordi, lyfte handi upp mot himmelen,
  6. 6 og svor ved honom som liver i all æva, som skapte himmelen og det som er i honom, og jordi og det som er på henne, og havet og det som er i det, at det ikkje lenger skal vera nokor tid.
  7. 7 Men i dei dagar då røysti av den sjuande engelen vert høyrd, når han skal blåsa, då skal og Guds løyndom vera fullenda, so som han forkynte for tenarane sine, profetarne.
  8. 8 Og den røysti som eg hadde høyrt frå himmelen, tala atter med meg og sagde: «Gakk og tak den litle opne boki i handi på den engelen som stend på havet og på jordi!»
  9. 9 Og eg gjekk burt til engelen og sagde til honom: «Gjev meg den litle boki!» Og han sagde til meg: «Tak og et henne, og ho skal svida i magen din; men i munnen din skal ho vera søt som honning.»
  10. 10 Og eg tok den litle boki or handi på engelen og åt henne, og ho var søt som honning i munnen min, men då eg hadde ete henne, sveid det i magen min.
  11. 11 Og dei segjer til meg: «Du skal atter spå um mange landslydar og folk og tungemål og kongar.»

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗