예레미야애가 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 예레미야애가 (Lamentations) · 66절
- 1 Eg er mannen som naudi såg under hans vreide-ris.
- 2 Meg hev han ført og late ferdast i myrker og ikkje i ljos.
- 3 Berre mot meg vender han si hand upp att og upp att heile dagen.
- 4 Han hev late meg eldast i hold og hud, han hev krasa mine bein.
- 5 Han bygde att for meg og ringa meg inn med beiska og møda.
- 6 I myrkret hev han set meg, lik deim som longe er daude.
- 7 Han mura att for meg, so eg kjem meg ikkje ut; tunge gjorde han mine lekkjor.
- 8 Endå eg kallar og ropar, let han att for mi bøn.
- 9 Han mura fyre mine vegar med tilhoggen stein, gjorde det uført på min stig.
- 10 Ein lurande bjørn var han mot meg, ei løva i løyne.
- 11 Til villstig gjorde han min veg; han reiv meg sund og lagde meg i øyde.
- 12 Han spente sin boge og sette meg til skotmål for si pil.
- 13 Han let renna inni mine nyro pilehus-sønerne sine.
- 14 Eg vart til lått for alt mitt folk, deira nidvisa heile dagen.
- 15 Han metta meg med beiske urter, han gav meg malurt å drikka.
- 16 Han let meg knasa mine tenner på småstein, han grov meg ned i oska.
- 17 Og du støytte burt frå fred mi sjæl; eg gløymde kor det var å hava det godt.
- 18 Og eg sagde: «Det er ute med mi kraft og med mi von til Herren.»
- 19 Kom i hug mi naud og mi utlægd - malurt og beiska.
- 20 Ho minnest det, sjæli mi, og er nedbøygd i meg.
- 21 Dette vil eg leggja meg på hjarta, og difor vil eg vona:
- 22 Herrens nåde det er, at det ikkje er ute med oss, for hans miskunn er enn ikkje all.
- 23 Kvar morgon er ho ny, å, stor er din truskap.
- 24 Min lut er Herren, segjer mi sjæl; difor vonar vil eg vona på honom.
- 25 Herren er god med deim som ventar på honom, med den sjæl som søkjer honom.
- 26 Det er godt å vera still for Herren og venta på hans frelsa.
- 27 Det er godt for mannen at han ber ok i sin ungdom,
- 28 at han sit einsleg og tegjande, når han legg det på,
- 29 at han luter seg med munnen mot moldi - kann henda det enn er von -
- 30 at han held fram si kinn til slag, let seg metta med svivyrda.
- 31 For Herren støyter ikkje æveleg burt.
- 32 For um han legg på sorg, so miskunnar han endå etter sin store nåde.
- 33 For det er ikkje av hjarta han legg møda og sorg på mannsborni.
- 34 At dei krasar under fot alle fangar i landet,
- 35 at dei rengjer retten for mannen framfor åsyni til den Høgste,
- 36 at ein gjer urett mot ein mann i hans sak - ser ikkje Herren slikt?
- 37 Kven tala, og det vart, um Herren ikkje baud?
- 38 Kjem ikkje frå munnen til den Høgste både vondt og godt?
- 39 Kvi skal eit livande menneskje klaga? Kvar syrgje yver si synd!
- 40 Lat oss ransaka våre vegar og røyna deim og venda oss til Herren!
- 41 Lat oss lyfta våre hjarto likeins som våre hender til Gud i himmelen!
- 42 Me hev synda og vore ulyduge, du hev ikkje tilgjeve.
- 43 Du sveipte deg i vreide og elte oss, du slo i hel utan nåde.
- 44 I skyer sveipte du deg, so ingi bøn rakk fram.
- 45 Til skarn og styggje hev du gjort oss midt imillom folki.
- 46 Dei spila upp sitt gap imot oss, alle våre fiendar.
- 47 Gruv og grav det vart vår lut, øyding og tjon.
- 48 Tårebekkjer strøymer or mitt auga for tjonet på mitt folks dotter.
- 49 Mitt auga sirenn, roar seg ikkje,
- 50 fyrr Herrens skodar etter og ser frå himmelen.
- 51 Mitt auga gjer meg hjarte-ilt for kvar ei av døtterne i min by.
- 52 Dei jaga og elte meg som ein fugl, dei som var mine fiendar utan orsak.
- 53 Dei vilde taka livet av meg nede i brunnen, dei kasta stein på meg.
- 54 Vatnet flødde yver mitt hovud, eg sagde: «Det er ute med meg.»
- 55 Eg påkalla ditt namn, Herre, utor den djupe hola.
- 56 Mi røyst høyrde du; haldt deg ikkje for øyro når eg ropar um lindring.
- 57 Du var nær den dagen eg kalla på deg; du sagde: «Ikkje ottast!»
- 58 Du, Herre, hev ført saki for mi sjæl, du hev løyst ut mitt liv.
- 59 Du, Herre, hev set kva urett eg leid; å, døm i mi sak!
- 60 Du hev set all deira hemnhug, alle deira løynderåder mot meg.
- 61 Du hev høyrt deira svivyrdingar, alle deira løynderåder mot meg,
- 62 det mine motstandarar sagde og tenkte imot meg dagen lang.
- 63 Ansa på deim, når dei sit og når dei stend! um meg gjer dei nidvisor.
- 64 Du, Herre, vil gjeva deim av same slag som deira hender hev gjort.
- 65 Du vil leggja eit sveip yver deira hjarta, du vil bannstøyta deim.
- 66 Du vil elta deim i vreide, og tyna deim so dei ikkje bid meir under Herrens himmel.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗