열왕기하 20장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 열왕기하 (2 Kings) · 21절
- 1 I dei dagarne lagdest Hizkia i helsott; då kom profeten Jesaja Amosson til honom og sagde med honom: «So segjer Herren; «Skila for deg! for du skal døy; du vert ikkje god att.»»
- 2 Då snudde han seg mot veggen og bad til Herren:
- 3 «Å Herre, kom i hug kor eg hev ferdast ærleg og heilhjarta for di åsyn og gjort det som godt var i dine augo!» Og Hizkia sette i og storgret.
- 4 Fyrr Jesaja var nådd ut or den indre byen, kom Herrens ord til honom soleis:
- 5 «Gakk inn att, og seg til Hizkia, fyrsten yver folket mitt: «So segjer Herren, Gud åt David, far din: Eg hev høyrt bøni di, og set tårorne dine. Sjå, eg gjer deg god att; i yvermorgon skal du ganga upp til Herrens hus.
- 6 Eg aukar alderen din med femtan år. Or handi åt assyrarkongen bergar eg deg og denne byen. Ja, denne byen vernar eg for mi skuld og for David skuld, tenaren min.»»
- 7 Då sagde Jesaja: «Henta ei fikekaka!» Dei so gjorde, og lagde henne på verken. Og han friskna til att.
- 8 Hizkia sagde til Jesaja: «Kva skal eg hava til merke på at Herren gjer meg god att, so eg i yvermorgon kann ganga upp til Herrens hus?»
- 9 Jesaja svara: «Dette gjev Herren deg til merke på at Herren held det han lovar: Skal skuggen ganga ti strik fram, eller skal han no ganga ti strik attende?»
- 10 Hizkia svara: «Lett er det for skuggen å tøygja seg ti strik fram; nei, lat skuggen ganga attende ti strik!»
- 11 Profeten Jesaja ropa til Herren, og han let skuggen på solskiva åt Ahaz ganga attlenges dei ti striki som han nett hadde gjenge fram.
- 12 Kring den tid sende Babel-kongen Berodak Baladan Baladansson brev og gåva til Hizkia; for han hadde spurt at Hizkia hadde vore sjuk.
- 13 Då Hizkia hadde høyrt på deim, synte han deim heile forrådshuset sitt, sylvet og gullet, og angande kryddor og kosteleg olje, og våpnhuset alt som fanst i skattkammeri hans; det fanst ikkje den ting i hans hus og i heile hans rike som ikkje Hizkia synte deim.
- 14 Då kom profeten Jesaja til kong Hizkia og spurde honom: «Kva hev desse mennerne sagt, og kvar helst kom dei frå til deg?» Hizkia svara: «Frå eit land langt burte, frå Babel kom dei.»
- 15 «Kva hev dei set i huset ditt?» spurde han. «Alt som i huset mitt finst, hev dei set,» svara Hizkia; «det fanst ikkje den ting i skattkammeri mine som eg ikkje synte deim.»
- 16 Då sagde Jesaja til Hizkia: «Høyr Herrens ord!
- 17 Dagar kjem då alt som finst i huset ditt, det federne dine hev samla alt til i dag, det skal verta ført til Babel; aldri ein grand skal verta att, segjer Herren.
- 18 Og sume av sønerne dine, ætta frå deg, utstokne frå deg, skal takast, og dei skal verta hirdmenner i slottet åt Babel-kongen.»
- 19 Hizkia svara Jesaja: «Godt er Herrens ord som du hev tala.» Han tenkte: «Berre det vert fred og trygd so lenge eg liver!»
- 20 Det som elles er å fortelja um Hizkia og alle hans storverk, kor han bygde dammen og vatsleidingi, og førde vatnet til byen, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
- 21 Hizkia lagde seg til kvile hjå federne sine, og Manasse, son hans, vart konge i staden hans.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗