열왕기하 19장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 열왕기하 (2 Kings) · 37절
- 1 Då kong Hizkia høyrde det, reiv han sund klædi sine, sveipte syrgjebunad kring seg og gjekk inn i Herrens hus.
- 2 Han sende drottseten Eljakim og riksskrivaren Sebna og dei eldste prestarne syrgjeklædde til profeten Jesaja Amosson,
- 3 med dei ordi: «So segjer Hizkia: «Dette er ein dag full av naud og straff og skjemsla; fosteri hev nått fødsli, men det finst ikkje kraft til å føda.
- 4 Kann henda høyrer Herren, din Gud, alt det Rabsake hev sagt, han som er send av assyrarkongen, herren sin, til å svivyrda den livande Gud, so han straffar honom for dei ordi som Herren, din Gud, hev høyrt. Ber då fram ei bøn for den leivning som endå er att!»»
- 5 Då hirdmennerne frå Hizkia kom til Jesaja,
- 6 sagde Jesaja til deim: «So skal de svara herren dykkar: «So segjer Herren: Ver ikkje rædd for dei ordi du høyrde då trælarne åt assyrarkongen spotta meg!
- 7 Eit hugskot skyt eg i hugen hans; han høyrer ei tiend, og heim att snur han; der let eg honom falla for sverd i sitt land.»»
- 8 Då Rabsake for burt att, fann han assyrarkongen i strid mot Libna; for han hadde høyrt at han hadde fare burt frå Lakis.
- 9 Då han fekk tiend at ætiopkongen Tirhaka hadde drege ut på herferd mot honom, sende han eit nytt bod til Hizkia med dei ordi:
- 10 «Seg so med Hizkia, Juda-kongen: «Ikkje lat din Gud, som du lit på, narra deg til å tenkja at ikkje Jerusalem skal falla i henderne på assyrarkongen!
- 11 Du hev nok høyrt gjete sjølv kor assyrarkongarne hev fare åt mot alle landi; at dei bannstøytte deim. Og so skulde du berga deg undan?
- 12 Kunde folke-gudarne berga sine folk, som federne mine øydde ut: Gozan, Haran, Resef eller Edens-folki i Telassar?
- 13 Kvar er Hamat-kongen eller Arpad-kongen eller kongen yver Sefarvajimbyen, yver Hena og Ivva?»»
- 14 Hizkia tok brevet frå sendebodi og las det; og so gjekk han upp i Herrens hus, og Hizkia breidde det ut for Herrens åsyn.
- 15 Og Hizkia bad for Herrens åsyn, og sagde: «Herre, du Israels Gud! du som sit yver kerubarne! Einast du er Gud yver alle rike på jordi! du hev gjort himmelen og jordi.
- 16 Herre, legg øyra til og lyd! Herre, lat augo upp og sjå! Høyr dei ordi Sanherib sende, og svivyrde den livande Gud!
- 17 Herre, det er sant: assyrarkongen hev øydt ut folki og deira land,
- 18 kasta gudarne deira på elden; for dei er ikkje gudar, berre manneverk utav stokk og stein; difor kunde dei øydast.
- 19 Men no må du, Herre, vår Gud, frelsa oss frå hans magt, so alle rike på jordi må røyna: du, Herre, einast er Gud!»
- 20 Då sende Jesaja Amosson bod til Hizkia med dei ordi: «So segjer Herren, Israels Gud: «Bøni di hev eg høyrt um hjelp mot Sanherib, Assur-kongen.
- 21 So lyder Herrens ord, som Herren hev tala imot honom: «Ho vanvyrder deg, ho spottar deg, ungmøyi, Sions dotter, ho rister på hovudet åt deg, Jerusalems dotter.
- 22 Kven hev du svivyrdt? kven hev du spotta? Kven hev røysti di ropa imot? Augo lyfte du høgt, mot Israels Heilage.
- 23 Ved sendebodi hædde du Herren og sagde: Med dei mange vognerne mine for eg upp på dei høgste fjelli, ja, langt burti Libanons utmark, der høgg eg ned hennar høge cedrar og dei hæve cypressarne hennar; eg tek meg fram i dei øvste heimar, inn i den tettaste skogen;
- 24 eg borar meg brunnar og vatn drikk eg hjå framande folk; med fotsolen min turkar eg ut alle Egyptarlands elvar.»
- 25 Hev du ’kje høyrt at eg hev longe laga det so? Frå ævordsleg tid hev eg fyreåt fastsett dette! Og no let eg det koma i verk! Du fekk magt til å øyda sterke borgar til steinrøysar aude.
- 26 Folki deira vart veike og valne, skalv og stod til skammar. Det gjekk deim som gras på marki og grøne urter, som vokstrar på taket som moldaks i bryddande åker.
- 27 Eg veit når du sit, og gjeng ut og gjeng inn, kor du slær deg vill imot meg.
- 28 Av di du er vill imot meg, og eg høyrer kor kaut du er, eg hektar min krok i nosi di, legg min taum i munnen din, og vikjer deg heim att den vegen du kom.
- 29 Og dette skal du hava til merke: I år skal de eta sjølvsått korn, næste år sjølvrunne, men tridje året skal de så og hausta og planta vinhagar og eta frukti av deim.
- 30 Og leivningen som er att av Juda hus, skyt djupare røter nedantil og ovantil ber han si frukt.
- 31 For ein leivning kjem frå Jerusalem, og ein rest frå Sionsfjellet. Herrens brennhug skal gjera dette.
- 32 Difor segjer Herren so um assyrarkongen: Ikkje skal han koma inn i denne byen, og ikkje skal han skjota nokor pil der inn. Ikkje skal han storma fram mot han med skjold, og ikkje byggja skansar upp imot han.
- 33 Den vegen som han kjem, den skal han heim att fara, i denne byen kjem han ikkje inn, so segjer Herren.
- 34 Eg vernar denne by og bergar honom, for mi skuld og for Davids skuld, min tenar.»»
- 35 Det hende seg den natti at Herrens engel gjekk ut og slo hundrad og fem og åtteti tusund i assyrarlægret. Tidleg næste morgon fann dei deim alle ligjande lik.
- 36 Då tok assyrarkongen Sankerib ut og drog burt og snudde heim att, og heldt seg sidan i Nineve.
- 37 Ein gong han heldt bøn i huset åt Nisrok, guden sin, hogg Adrammelek og Sareser honom ned med sverd; dei kom seg undan til Araratslandet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge i staden hans.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗